Aktuelt
Ein veteran sitt møte med helsevesenet
- 28/09/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Kriser Psykisk helse Psykososial oppfølging Traume Veteran

Riksrevisjonen sin rapport om oppfølging av veteranar syner blant anna at det er mangelfull kjennskap til veteranar og deira psykiske helse blant tilsette i dei distriktspsykiatriske sentra (DPS).
Vi har utvikla eit informasjon- og undervisningsopplegg for DPS i region vest, som vil vere ein del av deira internundervisning. Målet med undervisninga er at det skal verte ei større forståing for veteranar si psykiske helse i DPS.
Saman med veteran Paul Smines, besøker psykologspesialist Sylvi R. Fiskerstrand og fagutviklar Venke A. Johansen frå RVTS Vest DPS’ar i helseregion vest.
Frå undervisning på Bjørgvin DPS.
Paul Smines har tenestegjort som sanitetsmann i Sør-Libanon, Gulf-krigen, Kroatia, Makedonia og Bosnia. Han har vore leiar for veteranorganisasjonar og jobba for betre oppfølging og ivaretaking av veteraner frå internasjonale militære operasjonar. Han har opplevd fleire traumatiserande hendingar knytt til krigstenesta, men også i privatlivet.
I dette undervisningsopplegget fortel Paul om korleis livet i teneste er og om korleis hans møte med psykisk helsevern har vore etter endt teneste.
Venke A. Johansen og Paul Smines har undervist saman på mange DPS i regionen.
– Vi set stor pris på å ha Paul med oss, då hans stemme er utruleg viktig i dette arbeidet, seier Venke A. Johansen.
– Èin ting er å informere om handlingsplanen og kva vanskar veteranar kan slite med. Det er noko anna å høyre dette formidla av ein som sjølv har kjent og framleis kan kjenne det på kroppen.
– RVTS Vest si rolle handlar om å informere om handlingsplanen I tjeneste for Norge, som er regjeringa sin handlingsplan for ivaretaking av personell før, under og etter teneste i utlandet, fortel Venke.
– Samstundes informerer vi om det regionale nettverket som vi har knytta til oppfølging av veteranar og kva som finnast av hjelpetilbod til veteranar i regionen.
Vi var med då Venke og Paul underviste på Solli DPS i Bergen, og vi spurte spesialist i psykomotorisk fysioterapi, Bente Aa. Gjestad om hennar oppleving av undervisninga:
– Det er sterkt å høyre frå ein person som har erfart korleis det er å vere i krig og korleis det er å leve livet etter teneste. Undervisninga er eit godt konsept. Det å ha inn ei brukarstemme i kombinasjon med undervisninga til RVTS Vest, fungerte godt.
– Det er viktig å sjå personane og kva som er deira utfordringar og symptombilde, og ikkje la seg stoppe av diagnosen. Det å møte personane med det dei presenterer, for ingen er heilt like. For oss som skal hjelpe er det viktig å huke tak i folk sine eigne ressursar, og det var lærerikt og fint å sjå korleis Paul har tatt godt tak i sine ressursar til tross for alvorleg belastning.
– Eg trur det er viktig å tenkje at det ikkje er vanskelegare å jobbe med veteranar enn andre eigentleg. Historia er annleis, men vi kan likevel bidra til å hjelpe dei. Uavhengig av kva opplevingar traumene er knytta til, kan personar med traumeerfaringar ofte nytte same verktøy og behandlingstilnærming for å kunne leve vidare med sine utfordringar.
Nyleg hadde Venke og Paul innlegg på fagdagar for psykiatrisk klinikk på Kvikne hotell i Sogn og Fjordane, der 120 deltakarar deltok. Vi spurte seksjonsleiar ved “Akutt Døgn”, Ingun Indrebø om hennar oppleving av undervisninga:
– Eg vil særleg trekkje fram Paul Smines, og hans sterke og gode formidling. Det var eit svært godt innlegg som mange var godt nøgd med. Han må de bruke endå meir!
Er du interessert i RVTS Vest sitt arbeid med oppfølging av veteranar? Kontakt Venke A. Johansen.