Aktuelt
Demokratisk danning og inkludering i skulen
- 27/09/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Radikalisering Voldelig ekstremisme

Foto av Redd Angelo, Unsplash
I november vert det kurs for lærarar og skuleleiing om demokratisk danning og inkludering i skulen – Førebygging av utanforskap og valdeleg ekstremisme.
I samarbeid med Hordaland fylkeskommune, inviterer Bergen kommune skulane i Hordaland til kurs for skuleåret 2017-2018. Kursrekkja er ein del av kommunen og fylkeskommunen sitt strategiske arbeid for førebyggje av radikalisering og valdeleg ekstremisme, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Raftostiftelsen og RVTS Vest.
Kursrekkja går over tre spredte dagar: Torsdag 16.november, tirsdag 21.november og torsdag 30.november. Kvar dag inneheld både teoretiske og praktiske økter.
Målgruppa er lærarar på mellomtrinnet, ungdomsskule og vidaregåande skule. Påmelding skjer på Hordaland fylkeskommune si nettside.
Relevant
Rettleiar om førebygging av radiklaisering og valdeleg ekstremisme
Radikalisering. Sårbarheitsfaktorar i ein migrasjons- og akkulturasjonsprosess