Aktuelt
Dagskurs for alle som jobbar terapeutisk med traumatiserte menneske
- 23/03/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Traume Traumebevisst traumesensitiv Utviklingstraumer

9. mai 2018 inviterer Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Helse Bergen og RVTS Vest til eit kurs med ergoterapeut Marti Smith. Dette kurset er en gylden mogelegheit for alle som jobbar med traumatiserte menneske, barn som vaksne.
Vi har «lånt» Marti Smith til Bergen i samband med at ho er i Noreg gjennom eit samarbeid med KS Østbytunet behandlingssenter og Bufetat- Øst. Smith er ergoterapeut tilknytta Academy of Child Trauma’s Fellowship. Ho har gjennom samarbeid med blant andre Bruce Perry etablert seg som ein ressursperson internasjonalt når det gjeld å oversetje den kunnskapen vi har i dag om utviklingstraume til praktiske tiltak og konkrete verktøy.
Regulering og toleransevinduet har blitt sentrale begreper i behandlinga av både traumatiserte vaksne og barn, og stadig fleire tenester ser betydninga av å jobbe reguleringsstøttande og tilby «traumebevisst omsorg». Sentralt i dette arbeidet er å klare å gi desse klientane dei viktige kroppslege og sensoriske erfaringane dei har fått for lite av, men som dei treng for å utvikle seg ut av sine vanskar. Her har Smith mykje spennande å bidra med!
Utover utdjupande teoretisk kunnskap vil deltakarane på kurset lære praktiske ferdigheiter dei kan ta i bruk umiddelbart. Kurset vil passe for alle som jobbar terapeutisk med traumatiserte pasientar. Mykje av det Smith formidlar om praktiske tiltak og konkrete verktøy, har overføringsverdi til arbeid med barn, unge og voksne med utviklingsforstyrringar, som ADHD og autisme, og deira familiar.
Les meir og meld deg på!Last ned invitasjon under.