E-læring
Trygg til handling Opplæringsprogram om vold og overgrep for alle som jobber med barn og unge Idé og utvikling Innhold og gjennomføring Gå til Trygg til handling Ressurser Nettsider og […]
Trygg til handling Ein ressurs om vald og seksuelle overgrep for alle som jobbar med barn og unge Trygg til handling Ein ressurs om vald og seksuelle overgrep for alle […]
Trygg til handling
Ein ressurs om vald og seksuelle overgrep for alle som jobbar med barn og unge
Trygg til handling
Ein ressurs om vald og seksuelle overgrep for alle som jobbar med barn og unge
Vald og seksuelle overgrep
Trygg til Handling skal gi deg meir kunnskap om kva vald og seksuelle overgrep er, kva konsekvensar det har for barn og unge og korleis du kan snakke med dei du er bekymra for. Programmet er enkelt å bruke, samtidig som den legg til rette for refleksjon og gruppearbeid. Ein treng ingen førkunnskap, og programmet passar til intern opplæring og kompetanseheving.
Tips:
Bruk opplæringsressursen aktivt (åleine eller saman på arbeidsplassen)
Jamnleg oppfølging: Vald i nære relasjonar er fast tema på personalmøte minst ein gang i året
Hald fokuset oppe: Sikre jamnlege drypp og øving i personalet
Film 1: Vald
Film 2: Seksuelle overgrep
Film 3: Konsekvensar av vald og seksuelle overgrep
Film 4: Den viktige samtalen
Film 5: Meld vidare! (kjem snart)
Lykke til!
Vald
- Kva vert du opptatt av når du ser denne filmen?
- Kva er vald for deg?
- Er det skilnad på vald mellom jamnaldrande og vald i heimen?
- Les definisjonen under. Snakk saman om denne måten å forstå vald på
«Vold er enhver handling rettet mot en annen person som ved at denne handlingen skader, smerter, skremmer eller krenker, får den personen til å gjøre noe mot sin vilje eller slutte å gjøre som den vil.»
Psykolog Per Isdal, Alternativ til vold (2000)
Seksuelle overgrep
- Kva vert du opptatt av når du ser denne filmen?
- Korleis tenker du at vaksne kan jobbe for å førebygge seksuelle overgrep?
- Snakk saman om korleis din arbeidsplass jobbar for å førebygge, avdekke og følge opp barn og unge som kan vere utsett?
- Kva skal til for at barn og unge fortel om seksuelle overgrep?
Konsekvensar av vald og overgrep
- Kva tenker du om denne måten å forstå barns utvikling på?
- Kva kjenner du igjen hos barn du har møtt?
- Korleis kan konsekvensar av vald og seksuelle overgrep blant jamnaldrande eller vener skilje seg fra konsekvensar av vald, seksuelle overgrep og omsorggsvikt i heimen?
- Snakk saman om korleis di teneste ivaretar barn og unge som kan ha opplevd vald, seksuelle overgrep eller anna omsorgssvikt
Den viktige samtalen
Bli tryggare i samtale med barn og unge
- Kor trygg er du på å snakke med barn du er bekymra for?
- Kva treng du å bli betre på? Snakk saman om korleis di teneste kan bli betre på samtalar med barn og unge
- Tren på samtalar ved å bruke treningsoppgåvene i arbeidsheftet eller på snakkemedbarn.no
Meld vidare!
Bli trygg på kva reglar som gjeld når du er bekymra.
Lena, 8 månader
Lena er 8 månader og kjem til helsestasjonen med mor. Helsesjukepleiar blir bekymra fordi ho synast at samspelet mellom mor og barn har endra seg. Ho synast at babyen trekker seg i kontakt både i samspel med ho, men og med mor. Mor fortel at ho har fått ny kjærast og at det har vore vanskeleg ei stund, utan å seie noko meir.
Ole, 5 år
Ole går i barnehagen på avdelinga der du jobbar som assistent. Du og dei andre vaksne syns at Ole har endra seg i det siste. Han er meir stille, inneslutta og han trekker seg ofte vekk frå situasjonar med dei andre barna. Du har og lagt merke til at han er meir søkande etter kontakt med dei vaksne og då særleg deg. Ein dag seier Ole noko ved frokostbordet som gjer deg uroleg. Ole seier at gulrota som han eter til frokost liknar på pappa sin tiss. Du vert uroleg, trur du har høyrd feil og ønsker at du hadde hørt feil. Du kjenner far til Ole som ein åpen kar, hyggeleg og fin å samarbeide med. Kva no?
Zara, 14 år
Zara går på ungdomsskulen. Ho klarar seg greit fagleg og sosialt. Den siste tida har ho vore stille og går meir for seg sjølv. Ho har ei god venninne som går i ei anna klasse. Neste veke er det planlagt leirskule, men Zara nektar og seier at ho ikkje skal på tur. Ho har gått fra skulen når dei skal planlegge turen og seier at ingen kan tvinge ho på leirskule. Foreldra hennar har spurt deg om du kan snakke med Zara for å finne ut kva som plagar ho.
Ressursar
Om Trygg til handling
Vald og seksuelle overgrep er eit alvorleg samfunnsproblem.
Trygg til handling er utvikla for å effektivt styrke tenestane i møte med barn, unge og familiar som opplever vald og seksuelle overgrep, slik at fleire vert oppdaga tidleg og får rett hjelp til riktig tid.
Opplæringsressursen sikrar grunnleggande kunnskap i tenestene på ein praktisk gjennomførbar måte. Trygg til handling er naturleg å sjå i samanheng med Snakke med barn; begge er viktige ressursar i planar og innsats for førebygging og avdekking av vald og seksuelle overgrep.
Tidleg oppdaging av utsette barn og unge
Den nasjonalfaglege retningslinja “Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge” understrekar at tilsette som arbeider med barn og unge så tidleg som mogleg bør identifisera barn og unge som lever i ein risikosituasjon. Sjå film nasjonal faglig retningslinje for tidlig oppdagelse av barn og unge eller gå direkte til retningslinja for å lese mer.
Merksemd på teikn og signal som gir grunn til bekymring, kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar og kompetanse i å snakke med barn og unge er viktig i arbeidet med førebygging og oppdaging av utsette barn og unge.
Trygg til handling gir grunnleggande kompetanse om barn og unge som opplever vald, seksuelle overgrep og anna omsorgssvikt, og kan nyttast til opplæring og fagutvikling.
Idè og utvikling
Trygg til handling vart først utvikla av RVTS Vest i samarbeid med Gjesdal kommune, med støtte frå Redd Barna. Sida er revidert i 2022 i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland. Statsforvaltaren i Vestland bidreg med viktig kunnskap om kva kommunane og tenestene har behov for i oppfølging av barn, unge og familiar som opplever vald og seksuelle overgrep.
Astrid Mohus har vore sentral i revideringsarbeidet, først som psykologstudent, seinare som tilsett prosjektmedarbeidar.
- Albaek, A. U., Kinn, L. G. & Milde, A. M. (2017). Walking children through a minefield: how professionals experience adverse childhood experiences. Qualitative Health Research. doi:10.1177/1049732317734828
- Dybsland, Reidun (2014). Den viktige samtalen. I Barnehagefolk 1-2014 (side 48 – 52).
- Gamst, K.T. (2017). Profesjonelle barnesamtaler å ta barn på alvor. Oslo: Universitetsforlaget
- Hafstad, G. S., & Augusti, E. M. (Red.) (2019). Ungdoms erfaringer med vold og overgrep i oppveksten: En nasjonal undersøkelse av ungdom i alderen 12 til 16 år. Oslo: Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. (Rapport 4/2019)
- Heltne, U. & Steinsvåg, P. Ø. (2011). Barn som lever med vold i familien. Grunnlag for beskyttelse og hjelp. Oslo: Universitetsforlaget
- Isdal, Per, (2000). Meningen med volden. Oslo: Kommuneforlaget
- Langballe, Åse (2011). Den dialogiske barnesamtalen. Hvordan snakke med
barn om sensitive temaer. NKVTS. http://www.nkvts.no/biblioteket/Publikasjoner/Den-dialogiske-barnesamtalen-hvordan-snakke.pdf - Mossige, S. og Stefansen, K. (2016) Vold og overgrep mot barn og unge. Omfang og utviklingstrekk 2007–2015, NOVA rapport 5-16
http://www.nova.no/asset/3059/1/3059_1.pdf - Nordanger, D.Ø. Og Braarud, H.C. (2017). Utviklingstraumer. Regulering som nøkkelbegrep i ny traumepsykologi. Fagbokforlaget.
- Nordhaug, I. (2018). Kva ser vi, kva gjer vi. Fagbokforlaget
- Thoresen S, Hjemdal OK (red.) (2014). Vold og Voldtekt i Norge. En nasjonal forekomststudie av vold i et livsløpsperspektiv. Rapport nr 1/2014. NKVTS. Oslo. https://www.regjeringen.no/contentassets/a0f79a10854045c68770c5408e2b3d66/nkvts_vold-voldtekt-2014.pdf
- Øvreeide, Haldor (2009). Samtaler med barn : Metodiske samtaler med barn i vanskelige livssituasjoner. 3.utg. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
Interessert i å vite meir om Trygg til handling?
Ta kontakt med Linda Kvalvik, fagansvarleg for opplæringsprogrammet.