Aktuelt
Alle helsestasjonar i Bergen kommune skal få kompetanseheving om vald og overgrep
- 27/10/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn omsorgssvikt Psykisk helse Seksuelle overgrep Traumebevisst Utviklingstraumer Vold

Å leve med vald og overgrep i heimen skil seg frå andre traumatiske hendingar.
Barn som lever med vald og overgrep i heimen kan ikkje søke tryggleik hos sine primære omsorgspersonar for å meistre ein skrammende situasjon. Det inneber altså eit brot med barn sitt grunnleggande behov for tryggleik. Tidlege erfaringar i barnets liv dannar grunnlag for korleis barnet oppfattar seg sjølv, forheld seg til andre og forstår omverda.
For eit barn, kan det å møte kompetente og trygge vaksne som har kunnskap om og spør om vald og overgrep spele ei avgjerande rolle for korleis barnet sitt liv utviklar seg. Det kan også vere avgjerande at ei kommande mor kjenner til kva konsekvensar det har for barnet og seg sjølv at ho vert utsett for vald.
25. oktober starta RVTS Vest i samarbeid med Bergen kommune, eit kompetansehevingsprogram for helsestasjonar i Bergen kommune, kor samtlige helsestasjonar skal få kompetanseheving om vald og overgrep. Denne første dagen føreles Linda Kvalvik frå RVTS Vest om vald og seksuelle overgrep og kva konsekvensar det har for barn si utvikling.
Vi spurte Siv Lerøy og Vibecke Ø. Anderssen om deira oppleving av dagen:

– For det første er Linda utruleg god til å formidle. Ho har mykje kunnskap og erfaring, og det er godt å høyre på henne. Det ho formidlar er gjenkjenneleg og anvendeleg. Vi får gode verktøy som vi kan nytte i arbeidet vårt.
– Å spørje konkret om vald og overgrep er viktig, men vi er usikre på kor gode vi er på det, her kan vi nok bli betre. Ei undersøking visar at helsesøstre ikkje er så gode på å melde inn bekymring, så her har vi eit forbetringspotensiale. Vi har ikkje lyst å bli ein del av «dei som ikkje såg eller spurte, sjølv om dei burde forstått korleis det var fatt».
Kva forventningar har de til kompetansehevingsprogrammet?
– Vi håper at det vil gi oss tryggleik og verktøy til å fylle det som ligg av forventningar til oss når det gjeld nasjonal retningsline for svangerskapsomsorgen, at vi får meir “kjøtt på beinet”. Vi håper at vi kan få tryggleik til ikkje å berre avdekke, men også «lukke» når vi ha avdekka. Vi har ofte begrensa tid når vi snakkar med folk, og då er det viktig at vi er trygg på at vi klarar å følge dei opp på ein god måte.
Alle jordmødre i Bergen kommune har fått den same kompetansehevinga
Informasjon om kompeptanseheving for helsestasjonar
Målet med kompetansehevinga er følgjande:
- Kompetanse om vald og traume
- Kjennskap til samarbeidspartnarar og instansar i kommunen
- Kjennskap til eiga rutine for handtering av valdssaker
- Kompetanse om kultur og arbeid med familiar med etnisk minortetsbakgrunn
- Tryggleik i samtalar
Dag 1: Fagdag om vald og traume
Dag 2: Arbeid med familiar med etnisk minoritetsbakgrunn
Dag 3: Samtale med barn. Kartlegging av vald. Praktisk øving
Dag 4: Presentasjon av samarbeidspartnarar. Rutine for samarbeid
Programmet består av 4 heile undervisningsdagar, samt rettleiing i grupper mellom samlingane. Rettleiinga foregår enhetsvis, og er eit viktig supplement for å overføre teoretisk kunnskap til praktisk klinisk arbeid. Undervisningsdagane veksler mellom undervisning, øvingar og summing i grupper.