Aktuelt
Skal spørje gravide om vald
- 27/03/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Psykisk helse Utviklingstraumer Vold

Bergen kommune og RVTS Vest samarbeidar om kompetanseheving for alle jordmødre i kommunen.
- Linda R. Kvalvik underviser om den tredelte hjernen.
Nasjonal retningsline for svangerskapsomsorgen pålegger alle jordmødre å spørje den gravide om vald. Bergen kommune ynskjer å gi sine jordmødre både kompetanse på vald, samt tryggheit til å spørje om vald. Gjennom fleire fagdagar, samt rettleiing, skal jordmordtenesta styrkjast.
– Det er nyttig å vere grundig. Det å vite kva som er vald gir ein god grunnlagsforståing som vi tek med oss i møte med den gravide, seier Hilde Rogde, jordmor ved Nesttun helsestasjon. – Det at alle jordmødrene deltek på same opplæring, gir eit felles fokus og ein felles forståing som igjen gjer det lettare å bistå og støtte kvarandre i arbeidet.
Ingrid Lid Nordø er jordmor ved Sandsli helsestasjon. Ho framhevar at det å få kompetanse på vald og konsekvensar av vald er viktig. Det er eit vanskeleg tema og det krev mot og styrke å gå inn i dette, både for jordmor og for den utsette kvinna. Det er viktig å trene på korleis spørje på ein god og ivaretakande måte.
- Jordmødrene som deltok på undervisninga sin første dag. Foto: Geir J. Olsen.
Begge seier at ein veit at vald mot gravide skjer. Det er viktig for den gravide og det ufødte barnet si helse å avdekke vald, slik at forholda er optimale for den lille i magen. Det å spørje om vald og å avdekke vald gir moglegheit for å forebygge. Ein felles kompetanseheving aukar motivasjonen og tryggheita til å ha med denne problemstillinga i møte med gravide.
Linda R. Kvalvik og Geir J. Olsen i fagteam vald og seksuelle overgrep er ansvarleg for undervisninga.