Aktuelt
Å ivareta barna på krisesentra
- 15/05/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Psykisk helse Seksuelle overgrep Traume Vold

“Korleis kan vi hjelpe foreldre til å vise empati og sensitivitet for barnet sine opplevingar og ikkje minst barnet sitt behov. Korleis kan vi hjelpe foreldre til å flytte fokuset frå valden/overgripar til barnet – og rolla som forelder; Kva treng barnet ditt – kva likar barnet ditt – kva tenkjer barnet ditt.”
Denne teksten stod som innleiing på invitasjon til ein fagdag for alle krisesentra i region vest. No er dagen her, og mange av dei tilsette har teke turen til Bergen for å høyre psykolog Trygve Børve førelese om å ivareta barn som har levd med vald, og krisesenteret si rolle.
Børve føreles blant anna om korleis hjernen vert påverka av å leve under stress og mangel på stimulering av omsorgspersonar.

– Tenk på dei gongane du opplever å vere svært stressa. Du skal kanskje få barna dine avgarde til skulen. Nokre av barna byrjar å krangle, matpakkar dett i golvet, nokon tråkkar på ein banan – alt på same tid, og du har svært dårleg tid! Vi har vel alle kjent på noko av dette stresset. I ein slik situasjon er hjernen særs aktivert. Tenk så på eit barn som kjem til krisesenteret, som kjem frå ein heim der vald er ein del av kvardagen. Eit slikt barn vil gjerne vere høgaktivert heile tida. På same måte som vi kan vere det av og til, i daglegdagse stressituasjonar. Då er det viktig korleis vi møter desse borna, korleis er omgivnadane på krisesenteret? – Er de med meg? Spør han.
Det er tydeleg at Børve snakkar om noko dei tilsette ved krisesentra sjølv ser på som særs nyttig for sitt arbeid i møte med barna på krisesentra.

– Eg trur kanskje eg kan gå så langt som å seie at dette er den mest matnyttige fagdagen eg har vore med på i mi tid ved krisesenteret, seier Wenche Hovland, leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Det er så handgripeleg, og han er veldig god til å formidle. Det har vore ein flott dag, han har kome med mange praktiske råd som vi kan nytte i det daglege arbeidet. Det å forstå bakgrunnen til desse borna er særs viktig, også det å forstå dei biologiske prosessane i hjernen. Eg har fått mange a-ha-opplevingar i løpet av dagen. Eg har tenkt litt undervegs på kva vi har å jobbe med på krisesenteret, kva som er svakheitane våre, både når det gjeld kartlegging og det å forstå barna som kjem.

– I dag har vi fått mykje nyttig informasjon for jobben vår, seier denne gjengen frå Krisesenteret for Bergen og omegn. – Vi møter desse barna kvar dag, og vi har no fått ei større forståing for korleis ein kan møte dei betre. Dette har vore veldig bra, ein blir meir bevisst på korleis vi betre kan jobbe med barna som kjem til oss.