Aktuelt
Foreldre i krise kjem til krisesentra med barna sine. Korleis ta vare på barna?
Ei arbeidsgruppe beståande av leiarane ved krisesentra i region vest og RVTS Vest held på å planlegge ein fagdag som skal gje dei tilsette ved krisesentra eit felles perspektiv på barn og foreldre i krise, og korleis dei tilsette best mogleg kan støtte foreldra i å ivareta barna sine.
– I den samanheng ønskjer vi å sjå på korleis ein kan styrkje foreldrerolla med fokus på traumesensitiv omsorg, seier Irmelin Bødtker Christensen i fagteam vald og seksuelle overgrep ved RVTS Vest. Det er ho som koordinerer desse møta. Fagdagen er planlagd i løpet av våren.
Den same arbeidsgruppa har møtst to gongar i året sidan 2010, og deltakarane er nøgde med denne ordninga.
– Her utvekslar vi erfaringar, drøfter utfordringar i krisesenterarbeidet og ikkje minst deler gode arbeidsverktøy, seier Irmelin. – Vi i RVTS Vest er særs glade for det gode samarbeidet vi har med krisesentra i region vest, avsluttar Irmelin og kollega Linda Kvalvik i fagteam vald og seksuelle overgrep.
Meir informasjon om dette arbeidet vil komme på våre nettsider.