Aktuelt
Vestnorsk-estisk samarbeid for å jobbe mot vald i nære relasjonar
- 11/06/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Traume Vold

RVTS Vest er ein av aktørane i eit prosjekt som blant anna går ut på å redusere kjønnsbasert vald i Estland.
Dette skal gjerast ved å utvikle tenester for offer for vald i nære relasjonar. Samstundes skal ein styrke samarbeidet mellom ulike institusjonar og auke medvitet blant ofre og grupper av spesialistar.
Prosjektet, som heiter Domestic and Gender-based Violence er initiert av Helsedirektoratet, i samarbeid med Estonian Ministry of Social Affairs.
Nyleg hadde vi studiebesøk av ein delegasjon frå Estland som er med i dette prosjektet. Dei kom frå ulike tenester i Estland, som anten jobbar mot eller forskar på vald i nære relasjonar. Orsaka til Noregbesøket var at dei vil lære meir om korleis arbeidet mot vald i nære relasjonar er organisert i Noreg. I Estland skal RVTS Vest gi opplæring til ulike delar av tenesteapparatet, kring korleis jobbe tverrfagleg mot vald i nære relasjonar.

Målet med prosjektet er å utjamne sosiale og økonomiske forskjellar i Europa, og dessutan styrke det bilaterale samarbeidet mellom Noreg og Estland.
Prosjektet er ein del av EEA Grants.
Les meir om prosjektet: Domestic and Gender-based Violence