Aktuelt
Undervisning om seksuelle overgrep kan truleg virke førebyggjande
- 12/11/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking omsorgssvikt Psykisk helse Seksuelle overgrep Traume

Ein Cochrane-oversikt* syner at undervisning om seksuelle overgrep truleg er førebyggjande.
- Fleire utsette kan bli fange opp dersom dei får undervisning om seksuelle overgrep.
Å undervise elevar i grunnskulen om seksuelle overgrep fangar truleg opp fleire barn som er utsett for seksuelle overgrep, samt at det truleg aukar barna sin kunnskap om seksuelle overgrep og om korleis dei kan beskytte seg sjølv.
Kunnskapssenteret har laga ei omtale av Cochrane-oversikta på si nettside.
Film henta frå www.dagsattprataom.se, laga av ein ungdom.
Den handlar om erfaringar etter å ha vore utsett for seksuelle overgrep. Kva lærer skulen ut om seksuelle overgrep?
*Ei Cochrane-oversikt er ei systematisk oppsummering av det som finst av dokumentasjon på effekten av eit helsetiltak. Formålet med Cochrane-oversikter er å bidra til å kunne ta velinformerte avgjersler på alle nivå i helsetenesta (Kjelde: Kunnskapssenteret)
Relatert:
Ein skuleturné har avslørt minst tre seksuelle overgrep mot born i Sogn og Fjordane (NRK Sogn og Fjordane)