Aktuelt
Tryggare med auka kunnskap om vald
- 15/06/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Førebygging Psykisk helse Traume Traumebevisst Traumebevisst omsorg Vold

UDI har kvart år ei samling for tilsette i mottak ved såkalla «tilrettelagde avdelingar» (tidlegare forsterka avdeling), og tilsette i UDI Region og mottaksavdeling som jobbar opp mot desse avdelingane.
- F.v: Miriam Steinstø Haugen – rådgjevar UDI Vest, Hilde Larsen – Seniorrådgijevar RMA (region og mottaksavdelingen) – Fagstab., Ninja Tolo Ness, rådgjevar, RMA (region og mottaksavdelingen) og Geir Olsen, spesialrådgjevar ved RVTS Vest.
Avdelingane (80 plassar nasjonalt) er eit botilbud i mottak for bebuarar med anten fysiske eller psykiske vanskar, og som difor ikke klarar seg så godt i ordinære mottak.
Dei tilsette har den siste tida hatt ei oppleving av at det er ei tyngre bebuarmasse enn tidlegare ved desse avdelingene. Mange har blandingsdiagnosar og dei tilsette må forholde seg til episodar med vald og aggresjon.
UDI region vest tok difor kontakt med RVTS Vest med eit ynskje om meir kunnskap på dette området.
– Difor valde vi å invitere Geir Olsen, som vi hadde kjennskap til gjennom vårt samarbeid med RVTS Vest, seier Ninja Tolo Ness, rådgjevar ved Region- og mottaksavdelinga.
Eg trur mange reiste heim med fleire redskap i sekken.
– Innlegget hans traff veldig bra. Deltakarane var godt nøgd med innhaldet og måten han la det fram på. Trur det at han har lang praktisk erfaring, og er lite «akademisk» i sin måte å vere på gjorde at han framsto som truverdig, og som ein som «har kjent på kroppen» korleis det er å stå i vanskelege situasjonar. Samstundes var innlegget godt teoretisk foranka. Nokon uttalte at dette «var som bestilt» – altså akkurat det dei ønska seg.
– Utbyttet var med andre ord veldig bra. Eg trur mange reiste heim med fleire redskap i sekken, ikkje minst på korleis ein som personalgruppe bør snakke om ting og jobbe saman som eit team som er trygge på kvarandre. Også dette med kva som er reglar og rammer som er «faste» og kva som er «tøyelege» trur eg blir diskutert rundt på dei ulike avdelingane no i etterkant.
Er du interessert i RVTS Vest sitt tilbod når det gjeld undervisning om vald og seksuelle overgrep? Ta kontakt med fagteam vald og seksuelle overgrep.