Aktuelt
På bilete: Siv Helen Haukanes, sosialkonsulent, NAV Austevoll og Per-Inge Skoglund, ungdomsveileder/prosessveileder, NAV Bjørnafjorden.
Denne våren har NAV Sunnhordaland og NAV Midthordaland gjennomført opplæringa «Bli en gruppeveileder», som er utvikla av RVTS Vest.
Målet med opplæringa er at deltakarane skal bli tryggare på å handtere vanskelege saker og situasjonar. Intensjonen er også å forebygge og dempe reaksjonar etter emosjonelle belastningar, traumereaksjonar eller slitasje hos hjelpar.
Nyttig med trening og strukturert rettleiing
Kvifor ville de ta denne opplæringa?
– NAV Bjørnafjorden har tidlegare hatt eit internt kollegarettleiarkurs som gjekk over eitt år. Ikkje alle har delteke på dette, men likevel fått tildelt grupperettleiarrolle, utan å ha noko førkunnskap. Så kontoret ønska eit fortsatt fokus på kollegarettleiing, og at fleire får denne kunnskapen, fortel Per-Inge Skolund, ungdomsveileder og prosessveileder ved NAV Bjørnafjorden.
– Ved NAV Austevoll har vi jamnleg kollegarettleiing, cirka ein gong i månaden, fortel Siv Helen. Metoden vi no har lært, er ein annan enn den vi har brukt tidlegare. Vi kjem til å nytte metoden vi har lært no i fortsetjinga, då den har meir fokus på rettleiing, medan den vi har brukt fram til no, er meir rådgjevande.
Kan de seie noko om innhaldet i opplæringa
– Vi har jo hatt innføring i sjølve metoden, og det har vore ein del gruppearbeid, seier Siv Helen.
– Ja, og så har vi hatt om dette med etiske dilemma og korleis vi som grupperettleiarar skal klare å stå i ulike situasjonar, seier Per-Inge.
– Vi har også hatt fokus på sjølvtillit, sjølvkjensle og positivt sjølvsnakk. Det er jo viktig, seier Siv Helen.
Det er mykje trening og øving i grupper. Kva tenkjer de om det?
– Treninga er vel noko av det som har vore mest nyttig, vil eg seie for eigen del, seier Per-Inge.
– Ja, eg gjekk inn i det med positivitet, seier Siv Helen, – men det var ein kollega som sa til meg: «Ja, lykke til, no får du kose deg med rollespel». Ikkje alle er so gira på det, men eg synast at det var naturleg med rollespela, fordi vi kan jobbe med heilt konkrete problemstillingar frå vår arbeidskvardag. Då er det ikkje så skummelt.
– Det kjennast eigentleg ikkje ut som rollespel, vi er jo berre oss sjølve i desse gruppetreningane, seier Per-Inge.
Kva planar har de vidare, etter opplæringa?
– Vi har planar om å teste ut metoden i neste rettleiing, seier Siv Helen. – Det blir spennande å legge det fram for dei andre på kontoret og arbeide med nytt opplegg.
– Vi har ikkje fast kollegarettleiing på vårt kontor no, så vi må først og fremst presentere metoden for dei andre tilsette. Deretter må vi bestemme oss for storleik på grupper og hyppighet. Rett og slett lage ein god struktur for å nytte det framover, seier Per-Inge. – Slik det er no, så er det meir uformell kollegastøtte, at ein tek ein prat for å lufte og debriefe litt. Det å få meir struktur, å tilby eit tryggare rom til å dele det ein slit med, gjer det gjerne lettare for dei sjølve å gjenkjenne kva som gir utfordringar, avsluttar Per-Inge.
Stor nytteverdi
Vi har også snakka med Katrine Fure Hansen ved NAV Kvinnherad om hennar erfaring som deltakar på programmet.
Kva var grunnen til at de hadde eit ønske om å delta på denne opplæringa?
– Initiativet kom frå vår regionsleiar Håvard Lægreid som ville at vi som grupperettleiarar i regionen skulle få nødvendig opplæring og kompetanse til å drive med grupperettleiing i kontora. Det var og eit initiativ som skulle bidra til å styrke samholdet mellom oss grupperettleiarar innad og på tvers av kontor.
Kva nytteverdi har deltakinga hatt?
– Deltakinga hadde stor nytteverdi. Eg har vidareutdanning i grupperettleiing, men opplevde likevel stort utbytte av det faglege innhaldet i opplæringa. Både teoridelen og ikkje minst den praktiske delen av programmet var nyttig. Eg synast det var ein god balanse mellom teori og praksis i programmet. Det er lange dagar som krev mykje av deltakarane, men det gir ein skikkeleg boost å få vere med på eit så bra opplegg. Kurshaldarane utfylte kvarandre godt.
Kva vil du seie til andre som vurderer å setje i gang med programmet?
– Det er lange dagar som krev mykje av deltakaren, så mitt råd er at man legg frå seg jobbtelefon og pc på kontoret. Det er og fint om man frå leiar side legg opp til at det skal vere sosialt på kveldstid, det er gull verdt å vite at ein har eit heilt team av gode kollegarettleiarar å spele på når krevjande situasjonar eller problemstillingar oppstår.
– Eg håpar fleire leiarar gir sine kollegarettleiarar moglegheit til å delta på eit slikt program, avsluttar Katrine Fure Hansen.