Aktuelt

“Trygg til handling” er eit opplæringsprogram på nett om vald og overgrep for alle som jobbar med barn og unge.

I Noreg er det barn og unge som lever med vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt. Tidleg avdekking og hjelp har stor betydning for barn og familiar. «Trygg til handling» vil skape engasjement og løfte fram betydninga av den viktige vaksne, og bidra til at vaksne får meir mot, ser meir, høyrer meir og handlar meir. 

Gjennom «Trygg til handling» får du og di teneste: 

  • Kunnskap om kva konsekvensar vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt kan ha for barn si utvikling
  • Tryggleik til å samtale med barn
  • Tryggleik til å handle

Trygg til handling vart til etter eit initiativ frå Gjesdal kommune i Rogaland, og med støtte frå Redd Barna. Gjesdal kommune arbeider planmessig med avdekking av vald i nære relasjonar. Som ein del av dette arbeidet såg kommunen eit behov for eit opplæringsprogram som lett lot seg implementere i alle tenester som møter barn og unge.

Trygg til handling består av to videomodular med teori, døme og arbeidsoppgåver som skal bidra til refleksjon og handlingskompetanse hos tilsette. Opplæringa kan med fordel gjennomførast for alle tilsette i tenesta.

Trygg til handling er i dag ein del av Gjesdal kommune sitt arbeid for å forebygge, oppdage og gi tilbod til barn og familiar som opplever vald.

Arbeidsgruppa som har jobba med prosjektet, Reidun Dybsland, Sylvia Haukanes, Linda Kvalvik, Inge Nordhaug, (RVTS Vest) og Monica Johansen Bjerkreim (Gjesdal kommune) er stolte av Trygg til handling, og samde om at fleire vil ha nytte av opplæringa. Erfaringane frå Gjesdal kommune er gode, og vi anbefaler fleire tenester å gå i gang.

På nettsida for Trygg til handling ligg videomodulane, samt arbeidshefte for deltakarane og arbeidsbeskriving for leiarar. Der kan du også lese meir om innhald og korleis programmet kan gjennomførast på din arbeidsplass.

https://www.instagram.com/p/B2g3Wb6o9nY/