Aktuelt
Temadagar om flyktningar
- 12/02/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Flyktningteamet Temadag Traumebevisst omsorg

To av vårens temadagar om flyktningar er klare for påmelding.

Fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon ved RVTS Vest driv jamnlege temadagar gjennom året. Hensikten med temadagane er å setje fokus på viktige problemstillingar knytta til arbeid med flyktningar. Kvar temadag inneheld undervising i eit relevant tema, utveksling av erfaringar og praksisnære diskusjonar.
25. mars skal vi ha temadagen Eritrea og eritreere i Bergen. Førelesar er Hirity M. Isaksen. Ho er frå Eritrea og kurshaldar/ tverrkulturell lærar for IOM (International Organization for Migration). I november arrangerte vi same temadag i Stavanger til gode evalueringar. Les om temadagen då den vart arrangert i Stavanger. Meld deg på temadagen.
27. mars skal Patrick O’Louglin, psykologspesialist og teamleiar for fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon ved RVTS Vest førelese på temadagen Kultur- og traumebevisste tilnærmingar i arbeid med barn/ungdom med ein flyktning/asylsøkjarbakgrunn i Sandnes. Meld deg på temadagen.