Aktuelt
Fokus på Eritrea og eritrearar
- 28/11/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Flyktninghelse Flyktningteamet Førebygging

Temadag om Eritrea og eritrearar sto høgt på ønskjelista til deltakarane på våre temadagar om flyktningar i Stavanger-området.

125 personar var samla i Lurasalen i Sandnes for å høyre Hirity M. Isaksen frå IOM (International Organization for Migration) førelese om Eritrea. Hirithy er sjølv frå Eritrea og jobbar som kurshaldar for IOM, i tillegg til å vere tolk og lærar i samfunnskunnskap.
Kvar månad flyktar heile 4000 eritrearar frå Eritrea. Eritrea toppa statistikken over asylsøkjarar til Noreg i 2014.
Hirity førelas om korleis situasjonen i Eritrea er no, og korleis situasjonen er for eritrearar i Noreg, som følge av situasjonen i heimlandet.
Temadagen om Eritrea og eritrearar skal haldast fleire stader i regionen i 2015.
Dette meinte nokre av deltakarane
Meget informativt og relevant for å kunne øke egen forståelsesramme i møte med nyankomne enslige mindreårige og voksne flyktninger.
Veldig interessant foredrag og viktig informasjon for oss som jobber med flyktninger.
Veldig bra og lærerrikt. Dette vet hjelpeapparatet altfor lite om.