Aktuelt
Stemme i vest: Ingfrid Vaksdal Brattabø
- 28/10/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt omsorgssvikt Psykisk helse Seksuelle overgrep Stemmer i vest Traume Vold

Ingfrid Vaksdal Brattabø har bakgrunn som tannpleiar og Cand. scient og har jobba som spesialrådgjevar folkehelse i Tannhelsetenesta, Hordaland Fylkeskommune. For tida er ho stipendiat ved Tannhelsetjenestens kompetansesenter vest – Hordaland og Hemil-senteret, Universitetet i Bergen. Ved årsskiftet 2014/2015 gjennomførte ho ei spørjeundersøking blant alle offentlege tannlegar og tannpleiarar i Noreg som omhandla tannhelsepersonell si meldeplikt til barnevernstenesta og eventuelle erfaringar frå samarbeid med barnevernet.
Omsorgssvikt
Barnemishandling og andre former for omsorgssvikt er eit alvorleg og samansett samfunns- og folkehelseproblem. Omsorgssvikt råkar born og unge i by og bygd på tvers av samfunnslag og kultur. Born er sårbare, og når dei blir utsett for ein eller fleire former for omsorgssvikt medfører dette ofte alvorlege og livslange konsekvensar for barnet med ringverknader langt ut over barnet og familien.
Som samfunn må me erkjenna utfordringane og arbeida systematisk og kontinuerleg for å førebygga og hindra at omsorgssvikt og barnemishandling finn stad.
Meldeplikt

Som samfunn må me erkjenna utfordringane, og arbeida systematisk og kontinuerleg for å førebygga og hindra at omsorgssvikt og barnemishandling finn stad. Samstundes må me stå på for å hjelpa dei borna som er blitt, eller blir, utsett for omsorgssvikt. Eit steg på vegen er å finna dei utsette borna. Som medmenneske har me alle eit ansvar for å melda frå dersom me mistenker at eit barn blir utsett for ei kriminell handling, i tillegg har dei av oss som arbeider med born og unge ei særskilt og lovpålagt plikt til å melda frå. Sjølv om lovteksten er rimeleg klar syner det seg ofte vanskeleg å utøva meldeplikta. Situasjonen ein står overfor når ein mistenker at eit barn blir utsett for alvorleg omsorgssvikt, er ofte overrumplande, diffus og kompleks. Som profesjonell aktør kan ein vera usikker, og undra seg på om mistanken er reell og alvorleg nok og om grunnlaget for å melda si bekymring er godt nok. Vidare veit ein ikkje kva utfall det å senda, eller det å unnlata å senda ei bekymringsmelding, kan få for barnet og deira familie. Når ein i tillegg ikkje veit korleis barnevernstenesta vil handtera ei eventuell bekymringsmelding, er det lett å forstå at heile situasjonen kan kjennast overveldande.
Behov for kunnskap og kjennskap
Siste året har eg vore så heldig å få gjennomføra ei spørjeundersøking blant offentleg tannhelsepersonell i Noreg angåande deira meldeplikt til barnevernstenesta. I forbindelse med arbeidet har eg reist rundt og vore i kontakt med tannhelsepersonell over heile landet. Påfallande mange av dei eg har møtt har fortalt historier om mindreårige pasientar som dei aldri har gløymt og som dei i dag, med auka kunnskap og i etterklokskapens lys, har tenkt at dei burde ha sendt bekymringsmelding på. Alle plassar eg har vore har eg opplevd å bli møtt av eit stort engasjement, alvor og eit reelt ynskje om å gjere det som er best for borna. Det kom tydeleg fram at offentleg tannhelsepersonell ynskjer å utøva meldeplikta, men at dei har behov for meir kunnskap om tematikken knytt til omsorgssvikt samt barnevernstenesta og deira måte å arbeida på.
Påfallande mange av dei eg har møtt har fortalt historier om mindreårige pasientar som dei aldri har gløymt og som dei i dag, med auka kunnskap og i etterklokskapens lys, har tenkt at dei burde ha sendt bekymringsmelding på.
Samarbeid
Omsorgssvikt og meldeplikt er eit viktig og vanskeleg tema. Trongen for auka kunnskap om, og forståing for, prosessar i tilknytinga til meldeplikta er truleg ikkje unikt for tannhelsetenesta, men snarare gjeldande for mange profesjonar med lovpålagt meldeplikt. Uavhengig av profesjon er det er nærliggande å tru at dei fleste som har valt å jobba med born og unge har eit reelt ynskje om å bidra til å gje born og unge ein trygg og god oppvekst. Kanskje er me eit steg nærare målet dersom alle som arbeider med born og unge blir flinkare til å sjå dei som treng det mest, dei utsette borna. Som samarbeidande tenester kan me bidra til å auka kunnskapen og kompetansen hjå kvarandre, slik at kvar og ein blir betre rusta til å oppfatta teikn på omsorgssvikt og framstå som trygge omsorgsfulle vaksne. På den måten vil me i større grad komma i posisjon til å utøva meldeplikta i tråd med intensjonen -til beste for barnet.
Relatert
Får Karl Evang-prisen for viktig innsats for tannhelsa – Anne Rønneberg får Karl Evang-prisen 2015 for sin mangeårige innsats for norsk tannhelse. Gjennom sitt arbeid har prisvinneren bidratt til å få på plass bedre rutiner for å avdekke omsorgssvikt og overgrep mot barn. (Helsedirektoratet)
Tannleger slår alarm om overgrep mot barn – Bare i fjor sendte norske tannleger 660 bekymringsmeldinger til barnevernet. (TV2)
Utsatte barn i tannhelsetjenestens lampelys (RVTS Vest)