Aktuelt
SNAKKE – eitt av regjeringa sine tiltak for å forebygge overgrep mot barn
- 18/09/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Barn Helseskadelege tradisjonar omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Traume Utviklingstraumer Vold Vold i nære relasjoner
Reidun Dybsland er RVTS Vest sin kontaktperson for spørsmål i samband med SNAKKE.
Opplæringsplattformen SNAKKE er ein del av regjeringa sin tiltaksplan En god barndom varer livet ut (2014-17). Den er utvikla av RVTS nasjonalt på oppdrag frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet.
I går hadde TV2 ein reportasje frå ein av pilotbarnehagane som nyttar SNAKKE for å lære korleis snakke med barn om vanskelege tema. Ane Simonsen, RVTS Øst og prosjektleiar for SNAKKE seier at eit klart mål med SNAKKE er å komme tidlegare inn, og at ein håpar på at opplæringsplattformen fører til at fleire varslar kjem tidlegare.
– I region Vest er det to barnehagar i Stavanger om nyttar SNAKKE, og som RVTS Vest følger opp denne hausten, seier barnevernpedagog og spesialkonsulent ved RVTS Vest, Reidun Dybsland.
Ho har vore med i prosjektgruppa som har utvikla SNAKKE, og er ein av fagpersonane som vert brukt i filmane som høyrer til dataspelet som er ein del av opplæringsplattformen. Reidun er kontaktperson i vest, for spørsmål i samband med SNAKKE.