Aktuelt
Sjølvmord og smitteeffekt
- 10/05/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging Sjølvskading Unge

RVTS Vest har kompetanse på sjølvmordsførebygging, og smitteeffekt er noko ein bør vere bevisst i det sjølvmordsførebyggjande arbeidet.
I Trondheim gjekk nyleg alle rektorar ved barne- og ungdomsskulane ut med eit brev til foreldre om å vere på vakt etter sjølvmord og sjølvmordsforsøk i Trondheim den siste tida. Dei viser også i brevet til ein populær TV-seie blant ungdom (13 Reasons Why) som har blitt kritisert for måten sjølvmord vert skildra.

– Vi som er vaksne kan med fordel setje oss inn i kva dei unge ser på av filmar og seriar, sjølv om dette ikkje er lett, seier psykolog Åse Lundegaard Mattson. – Serien dei viser til i brevet er ein populær serie blant ungdom. Samstundes er den svært omdiskutert for måten den skildrar sjølvmord. Her ved senteret tilbyr vi både rettleiing og undervisning for fagfolk som jobbar med barn og ungdom. Lærarar er særleg sentrale med tanke på deira daglege og tette kontakt med unge.
Har du spørsmål knytt til sjølvmordsførebygging og smitte, kan du ta kontakt meed Åse Lundegaard Mattson.
Relatert
Forebyggingsforum 2017: Barn og unges bruk av sosiale media #selvmord