Aktuelt
Sjølvmord og smitte. Betraktningar om Netflix-serien «13 Reasons Why»
- 24/05/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Førebygging Sjølvmordsførebygging Sjølvskading Stemmer i vest Traume Traumebevisst Unge

Foto: Pixabay
I kjølvatnet av Netflix-serien «13 Reasons Why» har rektorane i Trondheimsskolen gått ut med ei oppmoding til foreldre om å bry seg og støtte born og unge rundt seg.
Av Åse Lundegaard Mattson

I mitt arbeid ved RVTS Vest har eg i det siste fått fleire spørsmål om sjølvmord og smitte når eg har vert ute og førelest om sjølvmord. Sjølvmord er eit tema som vekker sterke kjensler, og mange kjenner på redsel for å gjere vondt verre dersom ein gjer noko feil. Denne redsla gjer at enkelte kan vegre seg for å snakke direkte om sjølvmord. Men er det eigentleg grunn til å vere bekymra om nokon har sett serien? Og kor open og direkte kan og bør ein vere med ungdom som ein er bekymra for? Kva bør ein gjere dersom ein er bekymra? Dette er nokre av spørsmåla eg har fått, og ynskjer å svare på i denne kronikken.
Openheit om sjølvmord – positivt eller negativt?
Sjølvmord er eit tema som kan vere omkransa av skam og tabu både for etterlatne, og for dei som har tankar om å ta sitt eige liv. Netflix har uttalt at «Det har vært en rekke diskusjoner rundt serien vår 13 gode grunner. Mens mange av seerne våre synes serien er en verdifull pådriver for å starte en viktig samtale med familien, har vi også mottatt bekymringer fra dem som synes serien bør merkes med ytterligere advarsler» (Side 2, mai 2017). Argumentet til Netflix ser ut til å vere at serien bidrar til å skape meir openheit og debatt om eit vanskeleg og tabubelagt tema. Som fagperson ynskjer eg at ein snakkar om sjølvmord nettopp for å bryte tabu og å gjere skamma mindre, men finst det ei grense for kor open ein kan og bør vere om dette tema? Kva er det med denne serien og måten den framstiller sjølvmord på som får både nasjonale og internasjonale fagmiljø til å reagere? For å svare på nokre av desse spørsmåla kan det vere lurt å vite litt om smitteeffektar.
Kva er det med denne serien og måten den framstiller sjølvmord på som får både nasjonale og internasjonale fagmiljø til å reagere?
Smitteeffektar
Ein har etter kvart fått ein del forsking som viser at enkelte typar framstilling av sjølvmord ser ut til å påverke folk i større grad enn andre (sjå Ystgaard, 1997 for ei god oppsummering av forsking på smitteeffektar). Innanfor forskingsfeltet skil ein ofte mellom to ulike smittefenomen. Det første er smitteeffektar relatert til media. Det andre fenomenet dreier seg om meir lokalt avgrensa smitteeffektar. Det er då snakk om at det skjer uvanleg mange sjølvmord i løpet av relativt kort tid innanfor same geografiske område (Haw, Hawton, Niedzwiedz & Platt, 2013). Ein veit mest om den type smitteeffekt som er relatert til media. Det finst fleire døme på at media kan vere ein viktig aktør både når det gjeld å auke og redusere førekomsten av sjølvmord.
Ein har mellom anna fleire døme på at hyppig medieomtale av sjølvmordsmetodar og plassar der fleire tek livet sitt kan føre til at fleire dreg til same stad, eller vel same metode. Ein av dei første omtalane av smitteeffektar finn ein hos Phillips (1974, som sitert i Ystgaard, 1997), som skildra den såkalla Werther-effekten. For meir enn 200 år sidan skreiv Goethe ei bok der hovudpersonen Werther tek sitt eige liv. I kjølvatnet av denne boka tok ein rekke unge menn livet sitt på same måte som Werther. Mange av dei hadde kledd seg i liknande klede, og ein fann eksemplar av boka hos avdøde. Dette gav grobunn for teorien om imitasjonssjølvmord. Det er mange moglege forklaringar på kvifor enkelte tek sitt liv etter å ha kome i kontakt med sjølvmord gjennom media. Ei mogleg forklaring er at det å oppleve ei sterk emosjonell kjensle av identifikasjon med ein person som tek livet sitt aukar sannsynet for at ein sjølv tenkjer at dette er ei mogleg løysing på problema sine.
Eit anna døme på dette er talet på tunnelbanesjølvmord i Wien i 1984-1987 (Etzerdorfer et al. 1992, som sitert i Ystgaard, 1997). Media omtalte desse sjølvmorda hyppig, og det førte til ei stor auke i talet sjølvmord gjennomført med denne metoden. Den austerrikske foreining for sjølvmordsførebyggande arbeid jobba tett med media, som til slutt slutta å omtale desse sjølvmorda. Etter dette såg ein ei brå nedgang i talet.
Eit døme på at ansvarleg mediahandsaming kan førebygge sjølvmord var då Kurt Cobain tok livet av seg i 1994.
På bakgrunn av dette har Verdens helseorganisasjon utvikla retningslinjer for korleis media bør omtale sjølvmord (World Health Organization, 2008). Ein anbefaler at ein unngår detaljerte skildringar av metode eller stad, at ein unngår språk som sensasjonaliserer eller normaliserer sjølvmord, eller presenterer det som ei løysing på problem, at ein er varsam med overskrifter og bruk av bilete eller video, og at ein er særs varsam ved rapportering av berømte menneske som tek livet sitt. Ein anbefaler òg at ein nyttar ein reportasje om sjølvmord til å opplyse lesarane om at sjølvmord sjeldan er utløyst av ein enkelt faktor, og at ein legg vekt på håp og alternative løysingar, samt kor ein kan få hjelp dersom ein slit med sjølvmordstankar.

Eit døme på at ansvarleg mediahandsaming kan førebygge sjølvmord var då Kurt Cobain tok livet av seg i 1994. Cobain (frontfigur i Nirvana) var ein person mange born og unge, som på ein eller annan måte kjente seg på utsida av samfunnet, identifiserte seg med. Då han tok livet sitt var det mykje som låg til rette for at smitteeffektar kunne oppstå. I ettertid fann ein imidlertid berre eit sjølvmord som kunne kategoriserast som eit reint imitasjonssjølvmord, og ingen auke i førekomsten av sjølvmord samanlikna med åra før (Jobes, Berman, O’Carroll, Eastgard, & Knickmeyer, 1996). Kva gjorde ein riktig her? Seattle Crisis Center hadde ein god dialog med media, der ein oppmoda til å skilje mellom artisten Cobain og privatpersonen Cobain. Artisten Cobain vart presentert som ein dyktig og elska musikar, medan ein fokuserte på at privatpersonen Cobain hadde levd eit turbulent liv, og hadde ei rekke psykiske lidingar og dette første til at han gjorde ei handling som fekk store konsekvensar for dei etterlatne. Ein oppmuntra dei ramma til å ta vare på seg sjølv og kvarandre, samt til å ta kontakt med krisesenteret dersom ein hadde behov for det. Krisesenteret fekk ei sterk auke i henvendingar, utan at talet på sjølvmord gjekk opp. I tillegg til dette gjekk kona til Cobain ut i media og viste sine sterke kjensler rundt det som hadde skjedd. Ho gav fleire intervju der ho ufiltrert viste kva hans sjølvmord hadde gjort med henne; ho viste sinne, bebreida seg sjølv og var trist.
Kort oppsummert tenkjer ein at å omtale sjølvmord i media kan vere både positivt og negativt, avhengig av korleis ein presenterer tema. Norsk presseforbund har på sine nettsider publisert ein rettleiar for omtale av sjølvmord (Norsk Presseforbund, 2006). I denne rettleiaren uttalar Lars Mehlum (leiar for Nasjonalt senter for selvmordsforskning og – forebygging) følgjande: ”Å fokusere på selvmord som en utfordring for fellesskapet og som et samfunnsproblem vi kan gjøre noe med, vil være gunstig. Det har vist seg at mer omtale av psykiske lidelser gjør dem mindre stigmatiserende. Media må også søke å formidle håp, som er en meget sentral dimensjon når det gjelder selvmord” (s.4).
Om ein leitar litt rundt på nettet så finn ein opp til fleire blogginnlegg og intervju med ungdom som har sett serien og identifiserer seg sterkt med hovudpersonen.
Kva er det ved denne serien som potensielt kan føre til smitteeffektar?
Netflix og serieskaparane argumenterer for at serien er med på å bidra til openheit, debatt og fjerne tabu, medan fagpersonar har kritisert serien for å mellom anna ikkje ta omsyn til forsking, kunnskap om sjølvmord og ikkje fokusere nok på hovudpersonen sine psykiske vanskar. Serien har blitt kritisert for å vere ei urealistisk skildring av eit sjølvmord. Grunnen til at denne serien bekymrar meg som fagperson er ikkje det at den er urealistisk, men det motsette; den er skremmande realistisk. Om ein leitar litt rundt på nettet så finn ein opp til fleire blogginnlegg og intervju med ungdom som har sett serien og identifiserer seg sterkt med hovudpersonen.
«13 Reasons Why» skildrar ei ung jente som føler seg utstøtt, som nettopp har flytta til byen og strevar med å skape seg eit nettverk av nære venner. Ho opplever konfliktar som fører til brot i relasjonar til dei rundt ho, og fleire belastande livshendingar, inkludert mobbing og valdtekt. Ho snakkar i liten grad med dei rundt seg om vanskane ho opplever, og når ho prøver å snakke med ein vaksen på skulen blir ho møtt på ein særs uheldig måte. Serien illustrerer at løyndomar kan ta liv. Den skildrar eit fullbyrda sjølvmord hos ei sårbar jente som opplever meir enn ho klarar å mestre på eigenhand, og ser sjølvmord som einaste løysing. Serien illustrerer det svarte holet ein sjølvmordsnær ungdom kan falle ned i på ein slik måte at eg tenkjer at det er sannsynleg for at det kan oppstå ein «Werther»-effekt blant unge som strever og identifiserer seg med hovudpersonen.
Anne Freuchen (Freuchen, Kjelsberg, Lundervold, og Grøholt, 2012, og Freuchen og Grøholt, 2013) har forska på norske born under 15 år som tok livet sitt. Sjølv om hovudpersonen i «13 Reasons Why» er eldre enn borna Freuchen forska på, minner ho meg om dei på fleire måtar. Hos eldre born ser ein gjerne dei meir typiske teikna på sjølvmordsfare: psykiske lidingar, rusmisbruk, vanske i familie, brot i nære relasjonar, alvorleg sjukdom, samt sjølvskading og tidlegare sjølvmordsforsøk (Folkehelseinstituttet, 2015), men Freuchen m. fl.(2012) fann at depresjon og andre psykiske lidingar var mindre vanleg hos borna enn det er hos eldre ungdom og vaksne som tek livet sitt. Fleire av borna ho studerte viste teikn på tristhet, men det var berre 20% som hadde ei psykisk liding. Ho fann òg at ein større del av borna som tok livet sitt hadde opplevd eit vondt tap, eller hadde vert i ein konfliktsituasjon dei ikkje klarte å løyse forut for sjølvmordet, samanlikna med borna ho studerte som ikkje tok livet sitt. Ho fann òg at desse borna i mindre grad snakka med foreldra sine om ting som var vanskelege i liva deira. Borna som tok sitt eige liv vart ofte skildra som ‘sårbare’ av foreldra sine.
Det som er uheldig med denne serien er at den retter seg mot den gruppa som antakeleg er mest sårbare for smitteeffektar: born og unge.
43% av borna Freuchen studerte skreiv sjølvmordsbrev (Freuchen og Grøholt, 2013). I desse breva var hemnmotivet lite framståande. Der hovudpersonen i «13 Reasons» plasserer skulda for sitt dødsfall på dei rundt henne, fann Freuchen at borna i stor grad tok ansvar for valet dei hadde tatt, og uttrykte kjærleik til dei gjenlevande, samt viste ei indre smerte og sårhet over valet dei hadde tatt. Døme på utsegn ho fann i breva ho studerte var: «Du betyr alt for meg», «det er betre om eg er død», eg er lei meg for at eg var slem med deg», «dette gjer like vondt for meg som det gjer for deg» (Freuchen og Grøholt, 2013, s. 7).
I vårt arbeid med sjølvmordsførebygging legg vi sterk vekt på mestring og håp, at dette er forbigåande, sjå andre mestringsstrategiar osb. Det som er uheldig med denne serien er at den retter seg mot den gruppa som antakeleg er mest sårbare for smitteeffektar: born og unge. Då særleg born og unge som opplever vanskelege situasjonar i livet sitt, og som kanskje ikkje veit korleis dei skal mestre desse situasjonane. I tillegg viser serien at det ikkje er hjelp å få. Å fjerne denne livslinja til menneska rundt ein, samstundes som at ein framstiller sterke, emosjonelle situasjonar mange born og unge kan kjenne seg att i tenkjer eg kan auke faren for smitteeffektar. I tillegg til dette bryt serien med god pressefaglig etikk, og viser i grafisk detalj korleis ein kan ta livet sitt.
Det gode oppi alt dette er at smitteeffektar heldigvis gjeld ei lita gruppe menneske. Sjølvmord blant born under 15 år skjer relativt sjeldan, og det finst ei studie som har gjort berekningar på at det er så få som 1-2% av sjølvmord hos ungdom som kan forklarast utelukkande med smitteeffektar (Gould, Wallenstein, & Kleinman, 1990, som sitert i Haw et al., 2013). Dei fleste ungdomar vil kunne sjå serien utan å få reaksjonar på det, men det er viktig å vere klar over at det kan skape reaksjonar hos enkelte, og å ta desse reaksjonane på alvor. Ein bør òg vere obs på yngre born som har sett serien, då den tar opp alvorlege tema som kan vere vanskelege for dei å bearbeide åleine.
Det gode oppi alt dette er at smitteeffektar heldigvis gjeld ei lita gruppe menneske.
Kan ein gjere vondt verre ved å snakke med ein eg er bekymra for?
Om du går rundt og kjenner på ei bekymring for eit born eller ein ungdom, vil du sjeldan kunne gjere vondt verre ved å ta deg ein prat med vedkomande. Mange som tenkjer på å ta sitt eige kjenner ofte på ein del skam, og har kome i ein situasjon som opplevast som uløyseleg. Skamma kan gjere det vanskeleg for desse borna og unge å vere den som tar initiativ til å snakke om korleis dei har det. Ved å snakke direkte om sjølvmord kan ein bidra til at personen kjenner seg mindre åleine, og til å sjå at det finst andre måtar å løyse situasjonen på enn å ta sitt eige liv.
Mange kan kjenne på at det er skremmande å skulle snakke om sjølvmord, fordi ein kan risikere at personen ein spør faktisk svarer ja. Det kan difor vere lurt å sikre seg at ein veit kor ein kan henvende seg for å få hjelp før ein tar ein slik samtale. Rektorane i Trondheimsskulen har i sitt skriv gitt klar og tydeleg informasjon om kor ein kan søkje hjelp dersom ein er bekymra, og lister opp følgjande instansar: rektor, helsesøster, legevakt, fastlege, barnevernsvakta. I tillegg har både Mental Helse og Kirkens SOS hjelpetelefonar born og unge kan ringe dersom ein treng nokon å snakke med.
Korleis bør eg omtale sjølvmord dersom eg jobbar med born og unge?
Dersom du arbeidar med born og unge og ynskjer å ta opp tema sjølvmord til dømes i eit klasserom, vil eg kome med følgjande anbefalingar; bruk same prinsippa som ein råder media til å bruke når dei omtalar sjølvmord. Gi sakleg og nøktern informasjon om sjølvmord, samt kva konsekvensar det kan få å miste nokon til sjølvmord. Gi informasjon om kor ein kan få hjelp. Om du vert bekymra for ein elev medan du held eit framlegg om sjølvmord, ta ein samtale med den eleven på tomannshand i etterkant. Ha gjerne nokon med deg når du tar den samtalen, til dømes helsesøster eller rådgjevar. Me veit heldigvis at røynda ikkje er heilt slik som i «13 reasons why». I den verkelege verda er det hjelp og få. Ta gjerne kontakt med RVTS Vest eller liknande instansar dersom du treng hjelp og rettleiing rundt desse problemstillingane.
Referansar
- Folkehelseinstituttet. (2015). Selvmord og selvmordsforsøk – faktaark med helsestatistikk. Henta frå: https://www.fhi.no/fp/psykiskhelse/selvmord/selvmord-og-selvmordsforsok—fakta/
- Freuchen, A. & Grøholt, B. (2013). Characteristics of suicide notes of children and young adolescents: An examination of the notes from suicide victims 15 years and younger. Clinical Child Psychology and Psychiatry, 0(0), 1-13.
- Freuchen, A., Kjelsberg, E., Lundervold, A. J., & Grøholt, B. (2012). Differences between children and adolescents who commit suicide and their peers: A psychological autopsy of suicide victims comparted to accident victims and a community sample. Child and Adolescent Psychiatry and Mental Health, 6(1).
- Haw, C., Hawton, K., Niedzwiedz, C., & Platt, S. (2013). Suicide clusters: A review of risk factors and mechanisms. Suicide and life-threatening behavior, 43(1), 97-107.
- Jobes, D. A., Berman, A. L., O’Carroll, P. W., Eastgard, S., & Knickmeyer, S. (1996). The Kurt Cobain suicide crisis: Perspectives from research, public health and news media. Suicide and Life-Threatening Behavior, 26(3), 260-271.
- Philips, D.P. (1974). The influence of suggestion on suicide: substantive and theoretical implications of the Werther effect. American Sociological Review, 39(3), 340-354.
- Norsk Presseforbund. (2006). Veileder for omtale av selvmord Henta frå: http://presse.no/wp-content/uploads/2014/10/Revidert-veileder-for-omtale-av-selvmord.pdf
- Side 2 ved Guro Holmene. (Mai, 2017). «13 Reasons Why»: – Serien kan ha påvirket barns tanker om selvmord. Henta frå: http://www.side2.no/helse/13-reasons-why—serien-kan-ha-pavirket-barns-tanker-om-selvmord/3423339314.html
- Ystgaard, M. (1997). Selvmord blant ungdom – er et smittsomt? Suicidologi, 2(3), 12-14.
- World Health Organization. (2008). Preventing suicide: A resource for media professionals (rapport). Geneva: WHO Press.