Vi har fått på plass ei spennande rekkje av førelesarar til årets konferanse som vert arrangert i Bergen den 3. og 4. september.
Konferansen handlar om kriser og psykososial oppfølging, og Mads Gilbert, Atle Dyregrov, Lars Mehlum, Heidi Hjelmeland, Jone Scanche Olsen og Lars Weisæth er nokre av førelesarane som skal vere med å setje søkjelys på tematikken.
Vi ynskjer å få fokus på kva betydning det psykososiale oppfølgingsarbeidet kan ha for å sikre at ramma etter kriser og katastrofar vert gjeve naudsynt hjelp og støtte til å handtere det dei har opplevd.
Vi arrangerer og pre-konferansen Traumer og evidens den 2. september 2015.