Aktuelt
Radikalisering – RVTS Vest sitt bidrag til handlingsplanen
- 15/04/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Førebygging Radikalisering Temadag
Vi inviterer til ein temadag om radikalisering og valdeleg ekstremisme, og vårt bidrag til regjeringa si handlingsplan.
«Forebygging og bekjempelse av radikalisering og voldelig ekstremisme er et felles samfunnsansvar. Den tette oppfølgingen må gjøres i lokalmiljøer, skolen, arbeidsplasser og av myndigheter» sa statsminister Erna Solberg då regjeringa la fram sin handlingsplan for å styrke innsatsen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Grunntanken om ein brei førebyggande innsats og lokal forankring er i stor grad samanfallande med handlingsplanar på feltet i dei andre nordiske landa, og vert understreka gjennom EU sin handlingsplan og arbeidet med Radicalization Awareness Network (RAN). Det er mykje lærdom å hente gjennom informasjonsutveksling om tiltak i andre land og tilpasning av tiltak til vår nasjonale kontekst.
Dagen vil bli brukt til å presentere erfaringar og utfordringar i dette arbeidet, samt deling av erfaringar frå tilsvarande arbeid i Danmark og Nederland.
Les om førelesarane og meld deg på.Les om nettverkssamling om radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Les regjeringa sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.