Aktuelt
Kompetanse til å våge å bry seg om andre og iverksetje handling
- 11/02/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Radikalisering

RVTS Vest koordinerer eit nyoppstarta nettverk i region vest som skal jobbe med førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.
- Geir Olsen frå RVTS Vest koordinerer nettverket.
Nettverket har som mål å hindre at unge mennesker i vår region vert radikalisert og rekruttert til valdeleg ekstremisme.
Allereie gode tiltak
Deltakarane i nettverket er frå ulike instansar i regionen, og mange kan vise til allereie eksisterande tiltak som går på å fange opp unge mennesker som er i sårbare situasjonar. At unge mennesker i ein sårbar fase i livet kan gå inn i radikaliseringstunellen, er berre ein bit av eit større bilete.
På første nettverksmøte var fokus å få ei oversikt over korleis ståa er i regionen kring denne problematikken, og korleis nettverket skal jobbe vidare. Alle i nettverket var samde om at behovet for å ha eit slikt nettverk er stort, til dømes når det gjeld å auke kompetansen hos aktørar som arbeider med barn og ungdom. Samstundes er det bra å ha eit nettverk å ta kontakt med om ein er bekymra, slik at ein kan formidle den riktige hjelpa til den ein er bekymra for.
- F.v: Ann-Elisbet Røssland og Anita Bakken frå MIKS.
– Ein må starte med seg sjølv
Anita Bakken og Ann-Elisbet Røssland, begge frå MIKS (Mangfold, Inkludering, Kommunikasjon, Samhandling) seier at dei synes det er flott at det allereie er gode tiltak for å møte utfordringane med radikalisering. Samstundes må ein sjå på desse utfordringane på eit samfunnsnivå. Det hjelper ikkje kor mange gode integreringstiltak som finnast, om vi ikkje har heile samfunnet med oss.
– Ein må starte med seg sjølv. Korleis er eg i møte med mennesker frå andre land og kulturar? Kva kan eg gjere sjølv for å fremje integrering? Dei peikar på at lag og organisasjonar er svært viktige i denne samanheng.
- Nettverket har representantar frå mange ulike instansar i regionen.
Med i nettverket er representantar frå RVTS Vest, Redd Barna, Røde Kors, Fylkesmannen i Hordaland, Haugesund kommune, Stavanger kommune, Islam for alle, SLT, Politiet i Hordaland, Det felles invandrerråd i Hordaland, Samarbeidsrådet for tro og livssyn, NAV, UDI regionkontor vest, utekontaktet i Bergen kommune, Kirkens bymisjon, IMDI Vest, Møhlenpris idrettslag, Hordaland idrettskrets og MIKS.
- Nettverket skal blant anna jobbe med å få ei oversikt over tiltaka som allereie eksisterer.
Les regjeringa sin handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.