Aktuelt
Pilot om traumebehandling
- 15/02/2013
- Av: rvts
- Kategori: Førebygging Kurs/konferanse Traume

RVTS Vest skal starte eit kompetansehevingsprogram om traumebehandling
Programmet startar opp som eit pilotprosjekt i eit DPS i Helse Fonna.
Deltakarane skal gjennom fem ulike modular;
- Nyare og eldre traumeforståing
- Faseorientert behandlingsmetode: Fordelar og ulemper
- Ulike stabiliseringsopplegg
- Kompleks traumeforståing i samband med planlegging av behandling
- Hjelp til hjelparen
Mellom kvar undervisningssamling skal deltakarane fordjupe seg i litteratur, diskutere og praksisere det dei har lært. Målgruppa for programmet er alle tilsette ved DPS’en; frå miljøpersonell til behandlarar. Tanken er at alle i behandlingskjeden har same forståinga i botn, slik at det til slutt vil komme pasienten til gode.
Programmet er utvikla i samarbeid med Helse Fonna, og RVTS Vest ser for seg at liknande program kan vere eit tilbod til andre DPS’ar i region vest, men at opplegget skal skreddersyast etter behova i DPS’en.
Har du spørsmål knytta til kompetansehevingsprogrammet, kan du kontakte oss på rvts@helse-bergen eller 559766.
Psykologspesialist Marie-Christine Merametdjian (t.v) og Psykolog Pia Theisen er ansvarleg for det faglege innhaldet i kompetansehevingsprogrammet, og ser fram til å møte deltakarane.