Aktuelt
Oppstart av sensorimotorisk psykoterapi nivå 1
- 09/02/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Traume

Illustrasjonsfoto: Borut Trdina/IStock
I samarbeid med Sensorimotor Psychotherapy Institute arrangerer RVTS Vest og Solli DPS videreutdanning i sensorimotorisk psykoterapi nivå 1. Dette er første gongen den anerkjente og populære utdanninga vert tilbudt i vår del av landet.
No er det mogeleg å søkje på videreutdanninga, som har oppstart hausten 2017.
Forskning visar at traume og tidlege tilknytningserfaringar set djupe kroppslege spor. Mens tradisjonell psykoterapi rettar seg mot kognitive og emosjonelle element av slike erfaringar, er fokus for denne utdanninga korleis du kan inkludere kroppen i terapiarbeidet. Sensorimotorisk psykoterapi bygger på ein psykodynamisk grunnlagsforståing og integrerer også element frå kognitiv atferdsterapi, nyare nevrovitskap og tilknytnings- og dissosiasjonsteori. Mindfulness er sentral i tilnærminga.
Tony Buckley og Esther Perez frå Sensorimotor Psychotherapy Institute er førelesarar på utdanninga.
Du finn invitasjon, søknadsskjema og all anna informasjon om utdanninga under:
Sensorimotorisk psykoterapi nivå 1