Aktuelt
Oppstart av kursdagar om traume
- 16/11/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Barn Psykisk helse Traume

Kring 100 fagfolk deltok på dei to første dagane av Kursdagar om traume.
Kursdagar om traume er eit kompetansehevingsprogram om barn og traume for Psykisk helsevern barn og unge, Helse Førde, samt barneverntenester i Sogn og Fjordane.
Første dagen underviste Hanne Cecilie Braarud* om modeller og teoriar for utvikling hos sped- og småbarn, med særleg fokus på kompleks traumatisering.
Andre dagen underviste Dag Nordanger* om komplekse traumer i oppveksten, forståing og implikasjonar.
Mange opplevde det som særs nyttig og relevant, både når det gjaldt innhald og moglegheit til å bli kjent med samarbeidspartnarar.
– Det er ein fornøyelse å vere her i vakre Loen, seier Patrick O’Loughlin som har planlagt programmet saman med kollegaer frå RVTS Vest i samarbeid med Toril Taklo, avdelingssjef PBU og Petra Helene Storkås, konsulent i Helse Førde.
– Det er stort engasjement og samarbeidsvilje blant folk her. Vi har byrja ei spennande reise saman om ei viktig kompetanseheving når det gjeld barn og traume, legg Patrick til.
Programmet består av tre to-dagar samlingar med undervisning, samt rettleiing i grupper mellom kvar samling.
* Hanne Cecilie Braarud, psykolog, dr. Psychol ved RKBU Vest.
* Dag Ø. Nordanger, dr. Psychol / psykologspesialist, RVTS Vest/RKBU Vest.
Er du interessert i denne kompetansehevinga, kan du kontakte oss.
Innhald i undervisninga finn du under.