Aktuelt
Nye retningsliner om vald og overgrep mot barn og unge med nedsatt funksjonsevne
- 17/04/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn Fra plan til handling omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Traume Unge Utviklingstraumer Vold
Retningslinjene skal hjelpe deg som jobbar med barn og unge med nedsatt funksjonsevne å avdekke og handtere omsorgssvikt, vald og overgrep.
Dei er til for at du skal få hjelp til å handle ut frå di bekymring, og melde frå om bekymringa di. Retningslinene er ikkje laga for at du skal få bekrefta din mistanke eller «diagnostisere» barnet. Det er barnevernet eller politiet si oppgåve.
Barn med nedsatt funksjonsevne kan vere meir utsett for risiko for vald og overgrep
Nokre barn og unge kan ha ekstra utfordringar med at dei har nedsatt funksjonsevne. Livssituasjonen kan gjere dei meir sårbar for vald og overgrep.
Det kan vere straffeskjerpande å begå overgrep mot barn med nedsatt funksjonsevne.
Barn med nedsatt funksjonsevne er ein svært samansett gruppe. Barn og unge med nedsatt funksjonsevne reagerer stort sett på same vis som alle andre barn, og det er stort sett same fremgangsmåte for å handtere overgrep, men det kan vere fleire instansar og tenesteytarar involvert.
Vanskeligere å oppdage vold og overgrep
Noko av utfordringa for barn og unge med nedsatt funksjonsevne som blir utsett for vald og overgrep er at ofte vil teikn på dette bli knytt til konsekvensar av funksjonsnedsettinga og ikkje vald og overgrep.
Kjelde: Bufdir
Retningslinene er førebels i Beta-versjon.
Retningslinene vert presentert på konferansen “Fra plan til handling” i Bergen den 22. mai.