Aktuelt
– Nettverksbygginga er noko av det viktigaste
- 18/02/2014
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Førebygging
Fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon er godt i gang med å forberede vårens temadagar

RVTS Vest ved fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon har ein lang tradisjon for å arrangere temadagar i region vest om arbeid med flyktningar. Hensikten med temadagane er å setje fokus på viktige problemstillingar knytta til dette arbeidet. Kvar temadag inneheld undervising i eit relevant tema, utveksling av erfaringar og praksisnære diskusjonar. Fagteamet står sjølv for ein del av undervisinga, eller leiger inn aktuelle føredragshaldarar.
– Noko av det viktigaste med desse temadagane, er likevel den nettverksbygginga som skjer når personar frå ulike etatar og arbeidsplassar møtast, seier fagteamleiar Patrick O’Loughlin.
I vår har vi førebels tre tema på plakaten. Vi har invitert vår gode kollega frå RVTS Midt, Solveig Gravråkmo, helsesøster og tidlegare koordinator for Faggruppe Flyktninger i RVTS Midt, til å førelese om prosjektet; Familiegjenforening: Forebyggende tilbud for familier som gjenforenes i eksil, som ho har gjennomført i samarbeid med Nora Sveaass (Universitet i Oslo/Psykologinstituttet) og Flyktninghelseteamet i Trondheim kommune. Temadagen har allereie vore gjennomført i Sandnes til gode evalueringar. No skal den arrangerast i Bergen 26. mars og i Førde 9. april.
Hausten 2013 arrangerte vi temadagen Syria – ein syrars erfaringar i Bergen og Sveio. Ali Watti, som er i språkparaksis ved RVTS Vest, førelas. Ali er kurdar, oppvaksen i Syria og utdanna lege i Ukraina. No skal temadagen arrangerast i Sandnes 28. mars.
16. mai blir det temadag i Sveio om Infeksjonsmedisinske utfordringar i møte med flyktningpasientar. Førelesar på denne temadagen er Bjørn Blomberg, overlege ved Haukeland Universitetssjukehus. Målgruppa for denne temadagen er primært legar, men er open for alle. Temadagen har blitt i stand på lokalt initiativ.
– Vi er alltid open for innspel til tema, avsluttar fagteamet. – Vi forsøker å imøtekomme kva folk i fagfeltet ønskjer, det er viktig for oss.