Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

28.03.14: Syria – ein syrars erfaringar

28/03/2014 @ 10:00 - 14:00

Fokus på historie og kultur, årsaker til flyktningbølga vi no ser, samt viktige punkt å ta hensyn til i arbeid med syriske flyktningar.

AliWatti 

Førelesar: Ali Watti. Han er for tida i språkpraksis ved RVTS Vest, og vil dele av sin kunnskap om Syria, samt via dialog og gruppearbeid engasjere tilhøyrarane og gjere oss tryggare i møte med syriske flyktningar.

Ali er kurdar, oppvaksen i Syria, utdanna lege i Ukraina, og har nyleg fått permanent opphold i Noreg. Han har bodd i Noreg i fire år. To og eit halvt år av desse bodde han i asylmottak. Mange i Bergen veit kven Ali er, han er politisk ­engasjert og oppteken av dei som ikkje har ei stemme; flyktningar, asylsøkjarar og papirlause. Eit googlesøk på «Ali Watti» viser ein særs engasjert ung mann. Han har vore aktiv i mange frivillige organisasjonar; Bergen internasjonale kultursenter (BIKS), Røde kors, Norsk folkehjelp, Kirkens bymisjon, Amnesty, DFIRH (Det felles innvandrerråd i Hordaland), KIS (Kontaktutvalget mellom invandrere og styresmakter i Hordaland) – i tillegg er han aktiv i Bergen turlag.

ELEKTRONISK PÅMELDINGSSKJEMA

Temadagen er gratis, men på grunn av lunsjbestilling ber vi om påmelding. Dersom du ikkje kan komme, gje beskjed i god tid på rvts@helse-bergen.no. Dersom du ikkje gjev beskjed, vil du bli belasta med 250,-. Påmeldingsfrist: 21. mars

Invitasjon i PDF for utprint:

[wpfilebase tag=file id=121 tpl=simple /] 

Detaljer

Dato:
28/03/2014
Tid
10:00 - 14:00
Kategori for Arrangement:

Arrangør

RVTS Vest

Sted

Thon Hotell Sandnes
Roald Amundsens gate 115
Sandnes, 4307 Norge
+ Google-kart