Aktuelt
Nettressurs for alle som er oppteken av tidleg førebyggande arbeid
- 16/02/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Førebygging Psykisk helse Tidlig innsats

Jobbar du med barn, ungdom, vaksne eller eldre og er oppteken av tidlig førebyggande arbeid? Då kan forebygging.no/tidlig innsats vere interessant og nyttig. Her finn du fagstoff, praksiserfaringar og beskrivingar av aktuelle tiltak for tidlig innsats.
No tilbyr forebygging.no eit tilrettelagd område til alle som er oppteken av tidlig førebyggande arbeid. Målgruppa er fagfolk som skal iverksette rusmiddelførebyggande og helsefremjande arbeid. Ein annan målgruppe er beslutningstakarar innan politikk og forvaltning. Nettressursen vil også vere aktuell for forskarar og studentar.
På forebygging.no/tidlig innsats finn ein fagstoff som artiklar, kronikkar, rapportar og bokomtalar. Du finn også relevante nyhetssaker, praksiserfaringar og oversikt over statlege føringar. Redaksjonen i forebygging.no vil fortløpende beskrive og publisere aktuelle tiltak og tjenester rettet mot tidlig forebyggende innsats. Utfordringene kan handle om begynnende rusproblem, atferdsvansker, kriminalitet eller psykiske helseproblemer. Det kan også være bistand til pårørende.
Forebygging.no/tidlig innsats omfattar heile livsløpet frå graviditet til alderdom. Arenaer som lokalsamfunn, barnehage, skule, helsetenester og barnevern er sentrale.
Forebygging.no er ein nasjonal kunnskapsbase for rusmiddelførebyggande og helsefremjande arbeid. Brukarar av tenesta vil også finne to andre tilrettelagde område; forebygging.no/handling og forebygging.no/skole. Saman med forebygging.no/tidlig innsats utgjer dei praksisretta ressursar for universelle og selektive innsatsar.
Dei overordnede målsetjingane til forebygging.no er:
- Vere ein oppdatert nasjonal kunnskapsbase for rusmiddelførebyggende og helsefremjande arbeid, inkludert tidleg innsats
- Formidle erfarings- og forskningsbasert kunnskap, og anerkjente strategiar til praktikarar og andre brukarar av nettstaden
- Vere ein arena for aktuelle og viktige debattar innen fagfeltet
- Formidle nyheter, aktuelle debattar, presentere eksisterande tiltak og synliggjere virksomme strategier innan fagfeltet
- Vere inngangsport for oppdatert oversikt over rapportar, offentlege dokument, kurs og konferansar knytt til fagfeltet
Forebygging.no er ein nasjonal teneste, initiert av Helsedirektoratet. Nettstedet er utvikla og drifta av Kompetansesenter rus Nord – Norge (KoRus Nord)
RVTS Vest driv undervisning i opplæringsprogrammet Tidlig Inn. Interessert? Kontakt oss