Aktuelt
Magiske og tragiske augneblink: Korleis barnehjernen vert forma av gode og vonde erfaringar
- 19/11/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Konferanse Traume Utviklingstraumer Vold, seksuelle overgrep

20. november arrangerer Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet konferansen «Beskyttelse av barn mot vold og seksuelle overgrep».

Dag Ø. Nordanger er hovudførelesar på konferansen, som vert opna av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne, Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen, Helse- og omsorgsminister Bent Høie, Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Birgitte Jordahl, samt barneombod Anne Lindboe.
Hjerneforskninga viser at tryggleik i barneåra fremjer ein hjerne orientert mot læring og utforskning, mens utryggleik og skremmande erfaringar fremjer ein hjerne orientert mot overlevelse og beskyttelse. Kva inneber denne kunnskapen for korleis vi i praksis skal forstå og hjelpe barn som er utsett for vald og overgrep?
Med utgangspunkt i ein nyare forståing av utviklingstraumer, skal Dag forklare korleis enkle begrep som “regulering” og “toleransevinduet” kan gjere arbeidet meir handgripeleg for hjelparar i ulike tenester for barn og unge, som barnevern, psykisk helsevern, barnehage og skule.
Konferansen vert streama. Oppstart: kl. 09.00, 20. november.