Aktuelt
Lærer om førebygging av radikalisering på sommarleir
- 03/08/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Radikalisering Voldelig ekstremisme
Denne veka har Elisabeth Harnes frå RVTS Vest arrangert workshop på sommarleir for kring 40 einslege mindreårige asylsøkjarar frå Bergen og Lindås kommune. Sommarleiren har fokusert på eit uvanleg tema, nemleg førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Leiren er ein del av eit større prosjekt og er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Møhlenpris idrettslag, politiet og RVTS Vest.
Målsetjinga med leiren er at ungdomane skal lære at det er viktig å bry seg om kvarandre og ta ekstra godt vare på dei som er sårbare og kan havne utanfor. Dei treng å bli sett, seier David Martinez. Mange av gutane som er på leiren er i ein særs sårbar situasjon- dei kom hit åleine og har ikkje foreldra sine her. Dei er i eit ukjent land og det er lett å kjenne seg einsam. Det er ingen grunn til å tru at desse ungdommene skal bli ekstreme, men vi veit aldri kven som kan bli radikaliserte. Vi ønskjer å hjelpe dei til å havne på rett side, seier David Martinez til Bergens Tidende, som var til stades på sommarleiren.
Francois Elsafadi førlas også på sommarleiren.
– Ein viktig del av sommarleiren er å få ungdommane til å forstå kva som gjer at eit menneske blir radikalisert. Det er mange likheitstrekk. Dei har gjerne havna på utsida av samfunnet på ein eller annan måte. Å komme saman på denne måten er absolutt positivt. Mange av dei har kanskje rømt frå heimlandet på grunn av ekstremisme. – Her lærer dei om korleis ein kjemper mot dette, det er litt spesielt, men veldig viktig, seier Francois Elsafadi som innleia sommarleiren med temaet: “Ekstremt viktig! Veien til voldelig ekstremisme”. Elsafadi hadde ekstra fokus på kraften som ligg i relasjonar- på godt og vondt. Francois kom sjølv til Noreg som palestinsk flyktning frå Libanon og har lenge engasjert seg i ungdomsmiljø.
Både Francois og Elisabeth snakka om fenomen og prosessforståing i forhold til radikalisering og valdeleg ekstremisme frå ulike perspektiv. Elisabeth hadde i tillegg workshop om temaet: “hvordan finne tilhørighet uten å miste seg selv”.
– Det er viktig at einslege mindreårige ungdommar med sine erfaringar og bagasje får vere med å definere kva radikalisering og valdeleg ekstremisme er, og på denne måten skape eit «vi» i staden for «oss» og «dei», seier Elisabeth. – Mange har kjent valdeleg ekstremisme på kroppen, og opplever samstundes hatkriminalitet og diskriminering på grunn av religion og etnisitet når dei kjem til Noreg. Difor er det ekstremt viktig at dei kjenner eigarskap, får verktøy til handlekraft og kjenner ansvar i forhold til tematikken. Å oppleve diskriminering og hatytringar anten på grasrotplan, i samfunnsinstitusjonen til dømes via framandgjering i mediabilde eller sporadiske angrep på bussen, er svært alvorleg, sensitivt og traumatiserande i seg sjølv.
– På leiren har vi blant anna hatt ein interaktiv workshop om kva rasisme er; korleis kjenne igjen våre kroppslege reaksjonar, regulere desse og vidare gå i dialog. På denne måten skapar vi motstandsdyktighet mot hatkriminalitet og ekstremisme, og rollemodeller som kan byggje bruer i staden for veggar, avsluttar Elisabeth.
Relatert
Rettleiar for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme
Erfaringsseminar 25.09.17:”Lokalt forebyggende arbeid: Tema radikalisering og voldelig ekstremisme”