Aktuelt
Kva ser vi- kva gjer vi
- 06/02/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn barnesamtalen omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Skole Traume Utviklingstraumer Vold Vold i nære relasjoner
Foto: Jostein Vedvik
Boka “Kva ser vi – kva gjer vi. Omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Skulen og barnehagen sine oppgåver” skal vere ein hjelp for alle som jobbar med barn og unge eller som utdannar seg til slike yrke.
Det er Inge Nordhaug, klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri og spesialkonsulent ved RVTS Vest som har skreve boka.
Kvifor er denne boka viktig?
– Barnevoldsutvalet sin rapport “Svikt og svik” påpeika at det var manglande kompetanse i tenestene som jobbar med barn, på samtalar med barn, og det å lese signal på at barn ikkje har det bra. Denne merksemda har gjort at det i forskriftene for barnehagelærar- og allmennlærarutdannninga, har komme krav om at dei skal ha kunnskap om vald og overgrep og om barn som lever under vanskelige forhold.
– Det finnast ein del litteratur innanfor tema, men lite som har vore retta inn mot den rolla som pedagogisk personale i barnehage og skule har. Så denne boka er meint å fylle behovet for denne type kunnskap.
Kan du sei litt om korleis boka er oppbygd?
– Første del av boka gir ein innsikt i kva omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep er for noko. Andre del av boka er via til kva skade det gjer, altså kva det kostar både menneskeleg og økonomisk at barn og unge vert utsett for vald og seksuelle overgrep. Tredje og siste del handlar om handlingskompetanse, altså korleis jobbe om ein står i eit møte med eit barn, og har ei bekymring – korleis skal ein forholde seg til eigen organisasjon, og under kva omstende gir det meldeplikt, eller under kva omstende er det inngang til samtale med foreldre for å hjelpe på foreldreforhold.
– Det er og eit eige kapittel om juss, om kva lovar som gjeld. Men først er det eit kapittel om samtalemetodikk, både når det gjeld barn men og i forhold til å snakke med foreldre.
– Boka er bygd opp med ein case som går gjennom heile boka og som vert belyst i samband med kvart kapittel. Det er arbeidsoppgåver på slutten av kvart kapittel, knytt til denne casen.
Kva vil du sei er målet med boka?
– Målet med denne boka er at det ikkje skal bli ein ny “Alvdal-sak” eller “Christoffer-sak”. Eg ynskjer at barn som lever under slike forhold skal få hjelp til å komme seg ut så tidleg som mogeleg.
Inge er glad for at boka no er ferdig.
– Særleg sidan det å skrive har vore eit handikap for meg, knytt til at eg har dysleksi. Mi skulehistorie når det gjeld å skrive, er ikkje så kjekk. Det gjer meg litt ekstra stolt av denne boka.
Fagbokforlaget har lansering av boka den 5. september på Litteraturhuset i Bergen (6. – 7. september er det Septemberkonferansen 2018: Traumer og utenforskap)
Fagbokforlaget og Redd Barna planlegg eit arrangement i Oslo den 24. mars der boka vert fokusert.