Aktuelt
Kurs for tolkar innan psykiatri
- 25/10/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Tolk

Marie-Christine Merametdjian (t.v) frå RVTS Vest og Panita Laksuktom frå Likeverdige helsetjenester ved Haukeland universitetssjukehus samarbeider om kurset for tolkar innan psykiatri. 25. oktober vart kurset holdt for tolkar via telematikk.
I samarbeid med Likeverdige helsetenester ved Haukeland universitetssjukehus, har vi starta kurs for tolkar innan psykiatri.
Kva skal til for å vere ein god tolk i psykiatrien? Målet med kurset er at tolkene skal bli betre til å tolke i psykisk helsevern, seier psykologspesialist Marie-Christine Merametdjian.
– Kurset er et lite «kræsj-kurs» i psykisk helse, seier Marie-Christine. – Vi går gjennom korleis psykisk helsevern er organisert i sjukehuset, psykiatriske symptom, diagnosar, behandling, og praktiske råd om tolkeoppdrag i psykiatrien. Korleis tolken kan få reaktivert eigne erfaringar eller eigen traumatiske historie er også ein del av kurset.
– Det er viktig at tolken kjenner til språket som behandlaren brukar i sin kontakt med pasienten. Det å vite noko om kva psykisk sjukdom er, bidreg til tolkens forståelse av kva terapeuten gjer og seier. Det er med å styrkje samarbeidet og tilliten mellom tolk, pasient og terapeut.
– Av og til kan tolkar reagere på det behandlaren spør pasienten om. Ein behandlar stiller ofte svært direkte spørsmål til pasienten; til dømes om pasienten har tenkt på å ta livet sitt. I mange kulturar er det ikkje vanleg å spørje så direkte om det. Difor er det viktig at tolken forstår hensikten til terapeuten, og kan stole på henne og dermed samarbeide betre, noko som vil gagne pasienten.
I første omgang er dette kurset for tolkar som jobbar for tolkebyrå som har inngått rammeavtale med Haukeland universitetssjukehus. RVTS Vest ønskjer at vårt kurstilbod for tolkar innan psykiatri kan nå endå fleire interesserte.
Interessert? Kontakt Marie-Christine Merametdjian.