Aktuelt
Krenkaren i fokus
- 11/08/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Arrangement Konferanse Septemberkonferansen Traume Vold
– Dersom vi ikkje bruker tid på å forstå åtferda til krenkaren, så tek vi frå oss sjølv muligheita til å hjelpe folk til å ha eit bra liv.
4. – 5. september arrangerer vi Septemberkonferansen 2014. I år er temaet traume og krenkaren.
Senterleiar Espen R. Johansson seier at det er på tide at dette fokuset vert løfta fram. – Vi møter ofte barn, ungdom og vaksne som har ein krenkande åtferd. Dette er noko som råkar mange tenester og det påverkar oss som hjelparar. Vi har som mål å lage ein konferanse som både aukar vår forståing av denne type åtferd, og samtidig gjev oss konkrete måtar å jobbe med dette på. Det som er konferansen sin styrkje, er at vi har eit traumesensitivt fokus på tematikken og at vi henvender oss til ei stor breidde av tenester.
Geir J. Olsen ved Kompetansesenter for fengsels- retts- og sikkerhetspsykiatri er påmeldt konferansen og skal også førelese. Han er, saman med kollega Bjørn Petter Hansen, grunnleggar av TERMA; TERapeutisk Møte med Aggresjon. TERMA fokuserer på korleis ein kan redusere bruk av makt og tvang og likevel bevare tryggheita for dei tilsette. Programmet baserer seg på omsorg, tillit og fokus på pasienten sin livskvalitet og utvikling. Han er samd med Espen i at fokuset på krenkaren er viktig å ha med seg.
– For meg veg det tungt at vi alle vert påverka forskjellig i møte med aggresjon, og så kan vi velje korleis vi skal la oss påverke. Noko av det vi kan velje, er å forsøke å tenke på korleis ein kan forstå den åtferda vi møter. Då handlar det om å utvide perspektiva. Det er forskjellige motiv for at folk framstår som dei gjer. Ein kan tillegge motiv ganske lett: «Du er ein ondskapsfull person. Eg ser du har vore innlagt mange gonger for åtferda di». Dersom vi ikkje bruker tid på å forstå åtferda til krenkaren, så tek vi frå oss sjølv muligheita til å hjelpe folk til å ha eit bra liv.
På konferansen skal Geir førelese om TERMA, medan Espen skal førelese om arbeid med barn i skulen som har ein krenkande åtferd.
I tillegg kjem mange andre spennande førelesarar på konferansen:
Kevin Creeden, M.A., LMHC, leiar for Assessment and Research ved Whitney Academy i East Freetown, Massachusetts
Yngve Hammerlin, dr. philos og forskar ved Kriminalomsorgens utdanningssenter/KRUS
Tonna Brix, rap-duoen bak den nasjonale kampanjen mot vald i heimen «Vendepunkt»
Liv Marion Bjørgan, master i kultur-, sosial-, og samfunnspsykologi
Are Evang, psykologspesialist ved Statens barnehus Tromsø
Lene Sivertsen, dagleg leiar for SMISO, Troms
Knut Storberget, Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet
Erik Risnes, psykologspesialist og seksjonsleiar og Siv Kavli, psykolog, begge ved seksjon fengselshelsetjeneste, Klinikk sikkerhetspsykiatri, Haukeland universitetssjukehus.
Les meir om førelesarane, sjå programmet og meld deg på: www.septemberkonferansen.wordpress.com