Aktuelt
Kompetanse om sjølvmord hos dei som jobbar med eldre treng å styrkast
- 15/12/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Kriser Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging

Eldre er ei spesielt sårbar gruppe når det gjeld sjølvmord. Det er imidlertid i stor grad ukjent kva som finnast av kompetanse om temaet blant dei som jobbar i tenester retta mot eldre.
- Det er ukjent kva som finnast av kompetanse om sjølvmord hos eldre blant dei som jobbar i tenester retta mot eldre.
RVTS Vest har hatt eit prosjektsamarbeid med studentar som er i praksis i samfunnspsykologi på profesjonsutdanninga ved UiB.
Formålet med prosjektet har vore å kartlegge kva tilsette i heimebaserte tenester opplever at dei har av kunnskap og ferdigheiter om sjølvmord hos eldre, og kva dei eventuelt kjenner at dei manglar.
Det er undersøkt haldningar til temaet, i kva grad dei oppfattar det som satt i fokus på arbeidsplassen sin, samt korleis dei opplever si rolle som pleiarar når det gjeld sjølvmord hos eldre.
Funn frå prosjektet vil bidra til vidareutvikling av kunnskapen på feltet og vere ei støtte i RVTS Vest sitt arbeid. Les heile rapporten.
Studentane, som heiter Sarah Sabir (t.v), Ingvild Lyhmann (midten) og Ingeborg Bjørnhaug (t.h), har gjort seg nokre refleksjonar kring det ferdige arbeidet:
– Gjennom prosjektet “Sjølvmord hos eldre” har vi som psykologstudentar fått muligheten til å arbeide med psykisk helse i eit samfunnsperspektiv, utanfor ei klinisk setting. I tillegg har vi blitt merksame på eigne haldningar til ulike problemstillingar, og reflektert mykje kring korleis vi som alle andre vert påvirka av det samfunnet vi er ein del av. Desse erfaringane vil vere viktige for vidare studiar og arbeid, og har vore ein påminnar om betydninga av å forstå menneske i den konteksten dei lever i.
RVTS Vest tilbyr eit kursleiarkurs om eldre og sjølvmord. Kursleiarkurset går over 4 dagar, og handlar om kva ein skal sjå etter, korleis snakke med menneske i sjølvmordsfare, enkel risikoanalyse og kor søke hjelp. Kurset gjer ein i stand til å kurse tilsette i tenester retta mot eldre menneske.
1. – 4. mars er det planlagt oppstart av kursleiarkurs i Stavanger. Kurset er eit samarbeid mellom RVTS Vest, Ildri Kjølseth*, SESAM (Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling) samt VelgåLeve (Prosjekt selvmordsforebygging i Rogaland).
* Ildri Kjølseth er lege med spesialitet i geriatri og ph.d. Ho har mange år erfaring med klinisk arbeid som sjukehuslege ved indremedisinske/onkologiske og geriatriske avdelingar. Kjølseth har forska på eldres sjølvmord i Norge. Ho fekk i 2010 doktorgraden med avhandlinga «Control in life – and in death. An understanding of suicide among the elderly».
Er du interessert i RVTS Vest sitt arbeid med førebygging av sjølvmord hos eldre, kontakt Annie Norevik i fagteam sjølvmordsførebygging.