Annie Norevik

Annie Norevik

Annie Norevik

Spesialkonsulent
Mobil: 92 28 87 82
E-post

Brenn for: Sjølvmord kan førebyggast. Å komme tidlig inn med sjølvmordsforebygging, helst i barnehage. Sjå at sjølvmordsforebygging er et samfunnsansvar slik at informasjon og opplæring må gis til alle typar hjelparar, både dei som jobbar med dette og allmenta. Dette vil bidra til meir kunnskap og større openheit i samfunnet som igjen kan førebyggje sjølvmord. Sikre god oppfølging av etterlatne ved selvmord.

Eg har arbeidd med Sjølmordsførebyggande arbeid sidan 1998, både blant vaksne og born. Har tidligare arbeidd på kommunalt nivå i eit lågterskeltolbod til born og unge med sjølvmordsproblematikk. Har vore fagperson i Landsforeningen for etterlatte etter selvmord (LEVE) både i fylkeslagsamanheng og i landsstyret. Sit no i landsstyret for LEVE.

Sjølvmordsførebygging  i skulen. Eg er prosjektleiar for et skuleprogram som heiter Livet på timeplanen som er implementert på alle skular i Bergen, både grunnskule og videregåeande, og programmet er under implementering i fleire kommuner og fylkeskommunar. Førstehjelp ved sjølvmordsfare, Arbeid med eldre og sjølvmord, og kartlegging av sjølvmordsfare for alle typar fagfolk og god ivaretaking av etterlatne ved sjølvmord. I tillegg synes eg det er spennande å utforske nye tilnærmingsmetoder til sjølvmordsnære og jobbar for tiden med et prosjekt som utviklar en arabisktalende avatar.

Eg er utdanna psykiatrisk sjukepleiar. Eg har vidareutdanning i suicidologi frå Universitetet i Oslo og master i klinisk helsearbeid frå Høgskulen i Buskerud, der mi masteroppgåve var «Ungdom og selvmord. Helsesøstre, rådgivere og klassestyrere/kontaktlærere i videregående skole som ”portnere” for ungdom med selvmordsproblemer». Eg er også sertifisert sorgterapeut i komplisert sorg (UIO) og har utdanning i veiledning.