Aktuelt

Denne våren har vi eit ekstra fokus på gutar, menn og sjølvmord.

Heile 2 av 3 av dei som gjer sjølvmord i Noreg er menn. Dette krev eit ekstra fokus og innsats retta mot denne gruppa.

Folkeopplysning

Dei siste åra har regjeringa satsa på folkeopplysningskampanjar som skal skape meir openheit kring sjølvmord. Folkeopplysningskampanjene har blitt utforma i et nært samarbeid mellom nasjonale og lokale myndigheiter, kompetansemiljø og brukar-, pårørande- og etterlatteorganisasjonar. Kampanjane er viktige for å gjere befolkninga meir merksam på sjølvmord og korleis ein kan fange opp teikn på at noko slit med sjølvmordstankar. Hausten 2021 vart kampanjen “Snakk om selvmordstanker. Det kan redde liv” rulla ut i Østfoldsregionen. Denne hadde eit ekstra fokus på menn. Kampanjekonseptet er henta frå Helse Vest-kampanjen “Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv”, som også RVTS Vest har vore med å utvikle.

To konferansar med fokus på gutar, menn og sjølvmord

Den 11. mai (flyttet fra 16. februar) arrangerer RVTS Vest, Leve Hordaland og RKBU Vest konferansen “Stille vann – menn og selvmord”. Det kjem forelesarar som sjølv er etterlatne etter sjølvmord, som har hatt sjølvmordstankar eller som jobbar med å hjelpe menneske som sliter med sjølvmordstankar. Her er det allereie mogeleg å melde seg på, og ein kan velje å delta anten fysisk eller digitalt. Den 24. mai skal vi ha forebyggingsforum med fokus på unge menn/gutar og sjølvmord. Meir informasjon om forebyggingsforum kjem i løpet av kort tid.

Relatert:

Regjeringa si handlingsplan om forebygging av sjølvmord

Ei hjelp for kommunar til å utforme kommunale handlingsplanar om forebygging av sjølvmord og sjølvskading

Undervisningsfilm – trygg på å snakke om sjølvmordstankar

Fredagsfokus: Rådebank. Tøffe gutter gråter ikke. Eller?