Aktuelt
2014 har vore eit spennande år for senteret.
– Året har vore prega av at vi får stadig fleire, større og breiare inngongar til tenestene gjennom kompetanseprogramma våre, seier senterleiar Espen R. Johansson.
– Nytt av året er Traumebehandling i vest som er for DPSane, og har blitt svært godt evaluert. Vi ser og at kompetanseprogrammet Avdekking – Kva så? for det kommunale barnevernet er etterspurt, noko som er veldig velkomment.
– Vi hatt mykje kontakt med ideelle institusjonar i regionen, som ein parallell til det statlege barnevernet sitt Handlekraft-program. Både når det gjeld barn, vaksne, barnevern og helse, er det ein del nye program og ny aktivitet knytt til desse. Det er program vi ser at vi kjem til å fortsette med og som vi opplever er velkomment i tenesteapparatet. Dette er svært meiningsfullt arbeid for oss.
– Vi gleder oss til å komme endå meir i gong med arbeidet knytt til vaksne valdsutsette. Det blir og spennande å sjå korleis vår rolle i arbeidet med radikalisering og valdeleg ekstremisme blir til neste år. Det er eit heilt nytt felt for oss, sjølv om det tangerer mykje av det vi vanlegvis held på med.
– Elles er det veldig kjekt å sjå at stadig fleire vel å følgje oss på facebook og twitter. Mykje av det vi deler, vert delt vidare. Ikkje minst vart Dag Nordanger sine korte pedagogiske videoar mykje delt, men handmodellen i spissen. Vi veit at mange nyttar desse i sine eigne undervisningar, noko vi synast er flott!
– Vi set pris på at vi blir inkludert og invitert inn i ulike delar av tenesteapparatet og mykje av deira fagutvikling. Det gleder vi oss til å fortsette med i 2015, avsluttar Espen.
Med det ynskjer vi alle ei riktig god (nok) jul!