Aktuelt
Frå plan til handling
- 03/04/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn barnesamtalen Psykisk helse

På initiativ frå regjeringa vert det denne våren arrangert konferansar i alle landsdelar for å markere inngangen til «Opptrappingsplan mot vold og overgrep 2017-2021», og for å markere avslutninga på den forrige handlingsplanen «En god barndom varer livet ut». RVTS Vest organiserer konferansen her i vest.
Då konferansen angår overordna strategiar er hovudmålgruppa øvste leiarnivå for barne- og familieretta tenester. Dei inviterte er kommunalsjefar for sosial- eller oppvekstavdelingar, direktørar i BUFetat, leiarar av regionale kunnskapssentre, direktørar for psykisk helse, leiarar ved Statens Barnehus, og fylkesmenn. Ellers kan alle som har ein jobb kor dei møter barn og unge, melde seg på.
Det vert lansert tre nye digitale kunnskapsressursar, blant anna for barnehage og skule, som skal implementerast nasjonalt. Vidare blir Barnevoldsutvalgets NOU «Svikt og svik» presentert. Døme på godt samarbeid kring forrige handlingsplan er og i fokus, og det vert diskusjon om satsingar for vidare arbeid.

Frå RVTS Vest skal Dag Nordanger og Reidun Dybsland førelese. Dag skal førelese om implikasjonar av Barnevoldsutvalgets NOU “Svikt og svik” for det vidare arbeidet mot vald og overgrep.

Reidun skal førelese om konsultasjonsteamarbeidet i region vest og gode samarbeidserfaringar å byggje vidare på.
Vidare skal Eline Sætre Vartdal, prosjektleiar og rådgjever ved Seksjon for fag og utdanning i Helse Bergen førelese om gode samarbeidserfaringar å bygge vidare på, frå prosjektet «Å avdekke vold og overgrep mot barn. Rutiner i helseforetaket».
Tove Bruusgaard, seksjonssjef for Voldsseksjonen i Bufdir presenterer tre digitale verktøy som vil vere viktige ressursar i opptrappingsplanen mot vald og overgrep:
- SNAKKE. Samtalehjelp til deg som er bekymret for et barn
- Retningslinjer om vold og overgrep mot barn og unge
- Jeg vet. Opplæring om livsmestring og voldsforebygging i barnehage og skole
Les om konferansen og meld deg på