Aktuelt
Forebyggingsforum 2021: Skulen som livereddar
- 08/04/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn Førebygging Konferanse Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Sjølvskading Skole Traume
Foto: Zen Chung / Pexels
Møter du i blant barn og unge som slit med sjølvskading eller sjølvmordsatferd?
Årets forebyggingsforum set fokus på skulen som livreddar, og målet er at du som deltakar får nyttige innspel til korleis du kan hjelpe barn og unge som slit med sjølvskading eller har sjølvmordstankar.
Forelesarar er psykolog Peder Kjøs, lege og spesialist i psykiatri Anne Kristine Bergem, spesialrådgjevar André Baraldsnes, skulerådgjevar Lisbeth Veddeng, helsesjukepleiar Inger Lise Ringheim og “erfaringsstemme” Kathrine Fedøy.
Siren Henschien, journalist og nyhetsanker i TV2 er konferansier. Musikalsk innslag ved Johanne Hjartåker og Tea Joner.
Forumet er eit samarbeid mellom RVTS Vest og RKBU Vest.
Forumet foregår digitalt, men vi har også eit begrensa tal plassar fysisk. Her gjeld prinsippet “førstemann til mølla».
Dato: 27. mai Tid: 09.00-16.00
Relevant:
Livet på timeplanen – nettressurs og undervisningsprogram
Folkeopplysningskampanje. Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.
Trygg på å snakke om sjølvmordstankar – ny undervisningsfilm