Aktuelt
For lite kunnskap om sjølvmord blant asylsøkjarar, flyktningar og ikkje-vestlege innvandrarar
- 02/03/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Arrangement Flyktninghelse Flyktningteamet Førebygging Sjølvmord Sjølvmordsførebygging
– Dei opplever same utfordringar som nordmenn opplever i kvardagen, samstundes kan dei ha opplevd krig, ødelegging av heimen og farleg flukt til Noreg, seier Patrick O’Loughlin.
Fagteam sjølvmordsførebygging og fagteam flykninghelse og tvungen migrasjon samarbeider om årets forebyggingsforum.
– Vi veit altfor lite om sjølvmord blant asylsøkjarar, flyktningar og ikkje-vestlege innvandrarar. Folkehelseinstituttet har forsøkt å gjere noko med dette, dei har forska på utbreiinga av blant anna sjølvmord hjå innvandrarar, seier Annie.
– Anna norsk forsking på flyktningar, viser at desse ofte har opplevd fleire ekstreme hendingar, dei er i ein situasjon der dei ikkje har like stort familienettverk og færre sosiale ressursar. Samstundes er fleire av desse i jobb. Kombinasjonen av dette fører til ein ekstra sårbarheit som er viktig å sjå nærare på. Om vi tenkjer på ACE-studien; den kummulative effekten av at dess fleire uønska hendingar ein har vore utsett for, desto meir er ein i risikosona for å få alvorlege problem. Dei opplever same utfordringar som nordmenn opplever i kvardagen, samstundes kan dei ha opplevd krig, ødelegging av heimen og farleg flukt til Noreg. Dette gjer det ihvertfall ikkje betre, seier Patrick.
– Utanlandsk forskning har vist at berre det å kome på asylmottak kan vere med på å retraumatisere ytterlegare. Den usikkerheita med å ikkje vite om ein får opphald og leve tett på kvarandre er med å gjere fare for sjølvmord høgare, seier Annie.
– Dette med tru er og interessant å sjå nærare på. Vi lever i eit sekulært samfunn, og det er ikkje så vanleg å snakke om trua si. Dei aller fleste flyktningar har ei aktiv tru, det er ein viktig del av kven dei er. Vi kjem til å sjå nærare på dette på konferansen, seier Patrick.
– Denne konferansen vil vere ei styrkje for alle fagfolk, alt frå dei som jobbar i spesialisthelsetenesta til folk som jobbar i skulen, eller folk som møter menneske som er asylsøkjarar, flyktningar og ikkje-vestlege innvandrarar, gjennom jobben. Det å ha meir kunnskap om korleis ein skal møte personar som kanskje har ein heilt annan oppfatning av helse, skule- og sosialvesenet enn kva vi har i Noreg, blir ei forutsetning for eit vellukka samarbeid med den enkelte asylsøkjar, flyktning og ikkje-vestleg innvandrar, avsluttar dei to.
- Anne Reneflot, avdelingsdirektør, PhD, Folkehelseinstituttet
- Marie-Christine Merametdjian, psykologspesialist, fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon, RVTS Vest
- Sunniva Lye Axelsen, mastergrad i arabisk språk og kultur med oppgaven Selvmord i Islam, flere års opphold i Midtøsten. Skjønnlitterær forfatter.
- Rafik Awadallah, klinisk psykolog, PhD, Nygård skole/Bergen kommune
- Rolf Vårdal, spesialkonsulent og fysioterapeut, fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon, RVTS Vest
- Elisabeth Harnes, minoritetsrådgiver, Forebyggingsenheten, IMDI Vest Valeria Markova, psykolog og stipendiat, Helse Bergen, Helsetilbud for papirløse i Bergen
- Valeria Markova, psykolog og stipendiat, Helse Bergen, Helsetilbud for papirløse i Bergen