Variasjon i talet asylankomster til Noreg fører til ein stadig opp- og nedbygging av mottakskapasiteten, samt ein stadig opp- og nedbygging av kompetanse. Stabil og lett tilgjengeleg kunnskap om arbeid med asylsøkjarar og flyktningar er difor viktig.
Noko av denne kunnskapen er samla på nettstaden Flyktning.net – Ein ressursportal om flyktningar og asylsøkjarar, utarbeidd av dei regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging. Portalen vert lansert 15. juni.