Aktuelt
Endeleg ein arena for samarbeid kring utviklingstraumer

I dag klipper vi snora for dei nye nettsidene til CACTUS nettverket

Kvifor er det viktig å ha ein arena for samarbeid kring utviklingstraumer?
– Dette temaet er eit svært viktig kunnskapsgrunnlag for mange ressurs- og kompetansemiljø som jobbar med barn og unge. Samtidig har det vore litt fragmentert ved at det gjerne har vore enkeltpersonar som har vore mest oppteken av det. No har vi samla desse ressursane for å få ein felles arena for å utvikle våre tankar kring dette. Vi ser på det som ei «tankesmie» kring korleis ein kan forstå utviklingstraumatiserte barn og korleis ein kan gå fram for å få eit best mulig bilde på kva vanskar dei slit med, seier Dag Nordanger.
– Det er viktig for RVTSane å synleggjere at dette er eit anna kunnskapsgrunnlag enn den gamle krise- og traumepsykologien, seier Espen R. Johansson, – og at den er grunnleggjande for svært mykje av den aktiviteten som vi driv med utad. Det har stor betydning for alle RVTSane at vi har ein arena der all denne kunnskapen vert samla, slik at verktøy blir synleg for oss og for dei som skal bruke dei der ute.
Kva er målsetjinga no når sidene er lansert?
– Vi ser på dette som ein start, seier Dag Nordanger. – Men allereie inneheld sidene mykje viktig informasjon om kunnskapsgrunnlaget, og vi har lagt inn ein del psykoedukativt materiell der. Vi ønskjer å utvikle vår eiga forståing og kunnskap om dette innad i nettverket, og vi vil utvikle sidene til å bli ein solid ressursbase både når det gjeld tenkning, litteratur og relevante verktøy, slik at det blir ein naturleg stad å henvende seg for fagfolk i Noreg som anten jobbar med dette temaet sjølv eller som driv med kompetanseheving overfor andre.
– Vi ser allereie ved etableringa av nettverket at det har vore ein enorm styrke oss imellom for å få energi og «drive» til å utvikle fagfeltet. No når nettsida er på plass, er det eit tydeleg ønskje om å formidle og gjere ressursar tilgjengeleg for folk. Det er begge desse sidene vi ønskjer å forsterke når vi har denne fellesarenaen, seier Espen R. Johansson.
Vidare seier Dag: – Og vi er ikkje i tvil om at det er ein stor interesse for dette arbeidet. Ein liten introduksjonsvideo som eg og Reidar Thyholdt spelte inn som eit eksempel på ressurs som skal ligge tilgjengeleg på sidene, har allereie fått over 5000 visningar på youtube på berre få dagar. (Sjå «Ein handmodell for traumatisering»).
Sjå CACTUS sine nettsider: www.cactusnettverk.no