Aktuelt
– Det handlar om å sjå behovet hos alle
- 03/02/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Traume Traumebevisst Traumebevisst omsorg

Illustrasjonsfoto: izusek/Istock
I løpet av 2015-2017 har vi hatt sju oppstartar av kompetanseprogrammet Traumebevisst omsorg. I tillegg er det planlagd tre nye oppstartar i år.
Steinar Hvål er psykologspesialist ved RVTS Vest, og prosjektansvarleg for kompetanseutviklingsprogrammet. Vi tok ein prat med han om programmet, som har vore særs etterspurt den siste tida.
– Blant anna så handlar traumebevisst omsorg om å møte brukarane sine behov. Innad i barneverntenester og andre kommunale tenester, som til dømes institusjonar for einsleg mindreårige, er det mange som har traumebelastningar. Dei kan ha vore utsett for neglekt, omsorgssvikt, ulike typar vald og andre belastande hendingar. Dette har gjort noko med dei, og det har oppstått behov som må dekkast.
– Då er det ein fordel om tenestene som skal jobbe med desse barna og unge veit noko om korleis ein best skal tilby hjelp og legge til rette både drift, institusjon og organisasjon, og korleis ein skal drive passande miljøterapi.
– På bakgrunn av dette, så leverer vi eit kompetanseutviklingsprogram som går på å auke forståinga når det gjeld kva traume er, kva traumatisering er, og kva traumebevisst omsorg kan vere. Programmet går over tid, og er basert på arbeidet som vart gjort ved RVTS Sør, kor ein underviser i grunnleggande traumeteori, traumeforståelse og ein brukar tid på organisasjonsutvikling, både for å gjere organisasjonen klar for endring og gjere organiasjonen og personalgruppa klar for å tenke traumebevisst. Dette for å leggje eit godt grunnlag for både undervisning og forståelse. Så går vi vidare til å arrangere meir praksisnær undervisning kor fokus er på den traumebevisste omsorgen og hjelparen sine reaksjonar.
– For å drive traumebevisst omsorg, så treng ein å implementere ein grunnleggande forståing for kva traumatisering er. Ein skal levere tenester som er sterke på å bygge relasjon og etablere tryggleik. Arbeidsformen har som mål å regulere brukarane; Dempe affekt, vere mindre oppteken av det brukaren gjer, og meir oppteken av årsaken til at brukaren gjer det. Det er i smerten bak uttrykket kor behovet ligg.
Meir enn ein metode
– Eg tenker at traumebevisst er noko meir enn ein metode. Det er vanskeleg å skissere ein oppskrift eller manual på kva ein skal gjere i kvardagen for å sjekke om du har jobba traumebevisst i dag. Det å yte traumebevisst omsorg handlar om kva haldningar du har, kva verdisystem og ikkje minst kva kompetanse du har i bunnen.
– Det å ha ein traumebevisst praksis, kan la seg kombinere med fleire andre måtar som folk har jobba på i lang tid, det er ikkje slik at om ei teneste skal byrje å jobbe traumebevisst, at ein må skrinlegge alt anna godt arbeid som blir gjort. Mange gode metodar som har blitt brukt i arbeid med barn med særlege behov før, kan fortsatt brukast sjølv om ein implementerer traumebevisst forståelse.
– Traumebevisst omsorg, til forskjell frå andre metodar, handlar også meir om hjelparen sine eigne reaksjonar og kjensler, væremåten til hjelparen i møte med den ein skal hjelpe. Ein må vere bevisst sine eigne reaksjonar i møte med atferd som utfordrar. Dersom vi som hjelparar har ein atferd som forsterker negativ affekt hos den vi skal hjelpe, så kan det vere uheldig. Då må vi klare å overstyre våre eigne reaksjonar, og omforme det til ein traumesensitiv respons. Det er ikkje alltid lett.

Trygghet skapar vekst
– Hodas, den amerikanske psykiateren, snakkar om å jobbe traumebevisst (traumainformed) på fleire nivå. Det handlar kort sagt om korleis vi som hjelparar har det, med oss sjølve og i arbeidsmiljøet. Om vi jobbar med oss sjølve og med å ha eit godt arbeidsmiljø, så er det betre for brukaren. Om brukaren bor i eit miljø som er ufarleg og trygt, kor det er ok å «prøve seg», OK å feile, så er det ein god ting. Ein skal unngå å måtte gå på «tå hev».
– Det er når ein er omgjeve av trygghet, at mulighetene for å utvikle seg er der.
– Hodas snakkar også om det organisatoriske. Korleis vi skal rigge til tenesta vår. Når vi får henvendingar frå tenester som ønsker traumebevisst opplæring, så er det svært viktig at dette blir forankra i leiinga. Vi blir nødt til å stille spørsmål om tenesta er klar for dette; tenesta må både ville dette og ønske dette, og ha evne til å gjennomføre det. Ein må eventuelt gjere justeringar i organisasjonen for å få dette til.
Traumebevisst, ja – men er alle traumatiserte?
– Nei, det er dei ikkje. Men forekomsten av traumelidingar er langt høgare blant til dømes barnevernsbarn framfor normal populasjon. Flyktningar og eisnleg mindreårige har også høgare forekomst av psykiske lidingar, og vore eksponert for hendingar av potensielt traumatiserande art.
– Uansett, om ein ikkje er traumatisert, så er det ein fordel å ha ein traumebevisst tilnærming i møte med barn og unge som har hatt vansklege liv. Traumebevisst tilnærming er ein god måte å fremje positiv utvikling uansett korleis livet har vore.
– Howard Bath, som har fått mykje merksemd i Noreg og som vi hadde på den siste Septemberkonferansen, har sjølv vore inne på at “traumainformed” kanskje ikkje er nok presist, men at noko i retning behovsbevisst vil vere meir dekkande for kva ein traumebevisst tilnærming inneber.
Møter mange dyktige hjelparar
– Gjennom arbeid med undervisning, treffer ein så mange flotte, flinke og erfarne tenester og mennesker. Eg opplever at dei er så dedikerte til arbeidet sitt. Det er kjekt å sjå at dei som eg møter når eg har undervisning, er dei som skal stå for den nære kontakten med dei mest sårbare barna og ungdommane.
– Noko eg ofte høyrer når eg underviser er «Men, dette er jo sånn vi har gjort alltid!» Og då tenker eg at det er jo kjempeflott, og eg er sikker på at det ofte stemmer. Eg trur at når ein er så dedikert, og har jobba med barn og unge i fleire tiår, så er sjansen stor for at ein har erfart kva som fungerer, og kva som ikkje fungerer. Men det som er nytt, er at no sluttar tenesta seg kring eit felles begrepsapparat, og dei lærer kanskje endå meir om det dei sjølv har sett at virkar og kvifor det virkar. Og då tenkjer eg på det vi veit om utviklingspsykologi, tilknytningsteori og ikkje minst den nyare type forskning innan biologi og nevrofysiologi. Vidare er det viktig å anerkjenne kor krevande det er å stå i hjelparrolla, når ein skal levere traumebevisst omsorg. Nødvendigheten av å vere bevisst sine eigne reaksjonar og handlingar er meir enn ein vesentleg del av arbeidet.