Aktuelt
Dei fann svar på det dei trudde
- 20/09/2013
- Av: rvts
- Kategori: Aktuelt Seksuelle overgrep Traume

Av Eli Gunnvor Grønsdal
For andre året på rad gjekk Bjørn Chistiansens minnepris til ein av dei tilsette ved RVTS Vest. – Først vart det refusjon, så vart det premiering, fortel ei av medforfattarane, psykologspesialist Anne Marita Milde.
Prisen vert delt ut av Norsk Psykologforening og går til den, eller dei, som skriv den beste fagartikkelen. Årets prisvinnande artikkel omhandlar forsking på seksuelle overgrep kor psykolog og PhD kandidat Iris M. Steine er førsteforfattar. Artikkelen heiter; «Forekomsten av seksuelle overgrep i et representativt befolkningsutvalg i Norge».
Milde, som er hovudrettleiar for Steine, trur artikkelens tema og innhald fekk merksemd av fleire ulike grunnar.
– At undersøkingane er gjort i Noreg, på ein stor populasjon nordmenn er ein ting, ein annan faktor er at tema seksuelle overgrep har stor interesse på tvers av fagfelt. Både skule, barnehage, behandlarar, barnevern, PPT, fengsel og så vidare, vil berøre temaet direkte, eller indirekte.
Fekk bekrefta det dei trudde
Både Milde og dei andre fem medforfattarane, Bjørn Bjorvatn, Janne Grønli, Inger Hilde Nordhus, Jelena Mrdalj og Ståle Pallesen, vart overraska over kor mange som hadde vore utsett for overgrep.
– Å sjå svart på kvitt at så mange svarde bekreftande på å ha vore utsett for seksuelle overgrep var sterkt men vi har ofte tenkt tanken at mørketala var store.
Funna viste at 55,3 prosent av alle norske kvinner i alderen 18 til 80 hadde opplevd ei eller anna form for seksuell krenking. Undersøkinga viste også at heile ei av ti jenter, før fylte 16 år, hadde opplevd den alvorlegaste forma for overgrep.
– At så mange unge jenter opplever det straffelova definerer som den alvorlegaste formen for overgrep i så ung alder, er eit svært dårleg teikn, seier Milde.
Milde fortel at måten ein stiller spørsmål på i eit spørjeskjema har mykje å seie for responsen.
– Her har vi tydelegvis klart og fange opp dei som har opplevd overgrep. Ein må vere nøye og ha klare mål når ein formar spørsmåla i ei slik undersøking. Vi veit at nokre spørsmål opnar for kommunikasjon, mens andre lukkar.
«Flying start»
Milde fortel at ein stor del av befolkningsstudie på tema seksuelle overgrep blir utført i andre land som til dømes USA.
– Det er derfor viktig at denne undersøkinga er utført blant eit tilfeldig utval av nordmenn, både kvinner og menn. Vi må ha kunnskap også om våre eigne forhold. I tillegg er det svært gledeleg at Iris M. Steine, som er ung og har ei lang og spennande forskarkarriere framfor seg, ikkje berre bidreg med viktig forsking men i tillegg får ein pris for formidling. Ein kan vel seie at Steine har fått ein «flying start» på karriera.
Milde nyttar anledninga til å sei noko om Noreg og landet si satsing på forsking.
– Det står begredeleg til her i landet om vi samanliknar oss med våre naboland og for øvrig andre EU-land. Ein svært liten del av BNP går til forsking og siste oversikt visar at berre 0,8% av BNP blei bevilga i 2012, og det var ikkje det dei raudgrøne lova. Det skal bli spennande å sjå kva den nye regjeringa får til.
Førebygging frå tidleg alder
Ho håpar også at deira forskingsfunn fører til at problematikken vert lyfta opp og ut i lyset.
– At artikkelen og funna den beskriv, vert sett fokus på er ein god ting. Det gir temaet meir merksemd, bevisstgjer folk og på sikt byggjer det ned tabu kring temaet seksuelle overgrep.
Milde håpar også at det blir satsa meir på førebygging allereie frå tidleg alder.
– Den kunnskapen vi no sit på, både frå internasjonal og nasjonal forsking, fortel oss mykje om konsekvensane ved overgrep, men vi ønskjer meir systematiske studiar på om for eksempel førebyggingsprogram har ein god nok effekt og kor vi kan bli betre, det gjeld og førebygging med tanke på dei som er i risikosona for å utføre overgrep mot andre.
[box style=”info”]Artikkelen vart publisert i Tidsskrift for Norsk Psykologforening i oktober 2012. Målet med studien var å undersøkje førekomsten av seksuelle krenkingar før og etter den seksuelle lågalderen i eit representativt utval av den norske befolkninga. Eit tilfeldig utval av 1450 menn og kvinner frå 18 til 80 år fekk eit spørjeskjema om uønska seksuelle erfaringar. 703 svarte (48,7 %), 387 kvinner og 316 menn.[/box]