Aktuelt
Avdekking-kva så? i San Diego
- 27/01/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Avdekking-kva så? Barn Seksuelle overgrep Vold

Denne veka er det konferanse i San Diego, og vi er til stades for å førelese om undervisningsprogrammet “Avdekking – kva så?”.
- Inge, Linda og Reidun på podiet i San Diego.
Inge Nordhaug, Reidun Dybsland og Linda Kvalvik i fagteam vald og seksuelle overgrep, er denne veka på San Diego International Conference on Child and Family Maltreatment for å førelese om undervisninga “Avdekking – kva så?”.
Med utgangspunkt i dei tverretatlege konsultasjonsteama om vald og seksuelle overgrep si mogelegheit til å avdekke vald og overgrep mot barn, såg ein eit behov for ei utdanning som fokuserer på kva ein skal gjere etter avdekking. Dette la grunnlaget for undervisningsprogrammet “Avdekking – kva så?”
– Førelesinga i San Diego vart godt motteke av dei som var til stades. Det kom mange spørsmål og gode diskusjonar, seier Inge Nordhaug.
Linda Kvalvik i fagteamet seier dette om utdanninga:
- Linda R. Kvalvik.
– Avdekking er ikkje nok. Vi må ha eit tenesteapparat som er i stand til å følgje opp barn og familiar i krise.
– Erfaring viser at det offentlege hjelpeapparatet ofte manglar kunnskap om kva som skal skje etter avdekking av vald og seksuelle overgrep.
– Tema som sikkerheitsarbeid, krisearbeid inklusiv vurdering av sjølvmordsrisiko, bearbeiding av hendingar knytt til vald og overgrep, samt familieforståing er eksempel på slik kunnskap.
– Vidare er kunnskap om kulturforståing viktig for å forstå den krysskulturelle problematikken knytt til vald og overgrep, seier ho.
- Under Extrastiftelsen si prisutdeling “Gullegget” i desember 2015. F.v: Inge Nordhaug, Venke A. Johansen, Thale Skybak (Redd Barna) og Reidun Dybsland.
RVTS Vest sitt arbeid med å bekjempe vald og seksuelle overgrep mot barn har fått mykje merksemd. I 2015 vann vi Extrastiftelsen sin pris for beste gjennomførte prosjekt, Gullegget, saman med Redd Barna.
Dersom du ønskjer å vite meir om “Avdekking – kva så?”, kontakt Linda Kvalvik på linda.renate.kvalvik@helse-bergen.no.