Kompetansehevinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging og lokal barnevernteneste.
Kompetansehevinga skal styrke barnevernsarbeidarane si handlingskompetanse i komplekse barnevernssaker, samt gje tenesta rettleiarkompetanse knytt til samtalar med barn.
- kommunikasjons- og relasjonskompetanse
- krisearbeid, kulturforståing og samtalemetodikk
- oppfølging av vald- og overgrepsproblematikk i familiar
Kompetansehevinga er delt inn i to modular:
1. Barnevernets arbeid etter avdekking av vald eller overgrep: 13 fagdagar, teoretisk kunnskap + gruppearbeid.
2. Samtaler med barn: To puljer, parallelt med modul 1, 6-8 dagsamlingar med prosessrettleiing i gruppe. Bruk av video. Praktiske arbeidskrav.
Nokre deltakarar frå første pulje får rettleiingsansvar (birettleiarar) i runde to, saman med RVTS Vest. Slik styrkast tenestestade si kompetanse og mulighet til å vidareføre kompetansen til nye tilsette og samarbeidspartnarar.
RVTS tilbyr rettleiing på rettleiing for desse ressurspersonane, i tillegg til faste fagdagar med rettleiing og fagleg påfyll.