Aktuelt
Auka fokus på veteranar i region vest
- 16/10/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Psykisk helse Veteran

Nyleg vart det arrangert ein konferanse om veteranar og deira familiar i Bergen og Stavanger.

Målet med denne konferansen var å gje ei auka forståing for kva krigsteneste gjer med den som tenestegjer, men og korleis dette påverkar heile familien.
I tillegg til faglege innlegg om psykiske reaksjonar hos norske veteranar og psykososial ivaretaking av desse, så hadde Familievernet innlegg om kva tilbod dei har til veteranar og deira familiar, NAV gav ei innsikt i deira rolle i oppfølginga av norske veteranar og Forsvaret fortalde om korleis dei følger opp sine veteranar – både før, under og etter at dei har kome heim frå teneste.
Veteran Arve M. Aasbak fortalde om korleis livet har vore etter at han kom heim frå teneste i Libanon. Han var blant anna med som einaste nordmann i ei lita FN-gruppe på sju mann som hadde ansvaret for eskorte og livvaktteneste for fredsutsendingar i Beirut under borgerkrigen i 88-89. Han fortalde blant anna om at han har slitt med søvnvanskar som igjen førte til eit altfor stort bruk av sovemedisinar, og om korleis han klarte å kome seg ut av den vonde perioden. – Eg meiner det er viktig å vere open om kva eg har opplevd. Eg trur det er med på å gjere det betre for dei som er ute og tenestegjer no, sa Aasbak. – Reaksjonane dei får er dei same no som før.
I tillegg fortalde ei dotter av to foreldre med veteranbakgrunn om korleis det var for henne å vekse opp med foreldre som hadde plagar etter å ha vore i teneste utanlands.
Merete Askvik-Jørgensen og Sunniva Foss var deltakarar på konferansen. – Når vi såg kva konferansen handla om, så tenkte vi umiddelbart at dette ikkje var aktuelt. Men no ser vi at dette er nyttig.

Merete jobbar til dagleg i Utekontakten og Sunniva jobbar ved Bergen Akuttsenter. Begge er studentar på vidareutdanning om vold og traumatisk stress (HiB).
– Vi jobbar mykje med ungdommar, og det kan jo skje at nokon av desse har utfordringar som kan vere relatert til tematikken som har vore diskutert i dag. Det er viktig å vite om kva tilbod som fins til denne gruppa. Dessutan er det alltid veldig interessant å høyre om folk sine erfaringar, slik vi har gjort i dag.
– Mykje av det vi har lært, kan også relaterast til det vi jobbar med til dagleg.