Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Likestilt – til kva pris? Arbeids- og familieliv i eit minoritetsperspektiv!

25/09/2013 @ 10:00 - 15:00

Temadagen skal vere hos RVTS Vest i Ulriksdal helsepark, Ulriksdal 2. 2 etg! (Og ikkje på Vitalitetssenteret)

Påmeldinga er stengt!

I samarbeid med fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon, RVTS Vest, skal Mira-senteret arrangere eit spennande seminar som passar for alle som brenner for flyktningar og innvandrarkvinner sitt arbeids- og familieliv.

Formålet med seminaret er å auke kunnskap om minoritets­kvinner si deltaking i arbeidslivet, auke forståinga for korleis arbeidstidsordningar innan ulike yrkesgrupper og samfunnslag påverkar arbeidstakarane sine moglegheiter til å tilpasse familie- og arbeidsliv, og skape haldningsendringar med omsyn til korleis kvinner og menn med minoritetsbakgrunn vert framstilt i familie- og likestillingsdebatten.

Fakra Salimi_web
Foto: Linda Engelbert

Førelesar: Fakhra Salimi, opprinneleg frå Pakistan, er leiar og initiativtakar for MIRA (Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner). Ho har vore engasjert i nord-sør-problematikk og kvinne- og likestillingsspørsmål sidan 1975, og har initiert og leia ei rekkje prosjekt og tiltak innanfor desse områda. I 1979 flyttet ho til Noreg. Her tok ho Cand. mag.-graden i sosiologi, sosialantropologi, samt medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Ho er også utdanna psykosyntese-psykoterapeut/ samtaleterapeut ved Norsk Institutt for Psykosyntese i Oslo. Fakhra Salimi starta tidsskriftet MiRA- Forum for minoritetskvinner i 1994 og er redaktør for magasinet. Ho har skreve faglege bidrag til fleire publikasjonar både i Noreg og i utlandet, og har ei rekkje audiovisuelle produksjonar bak seg.

 

Om Mira-Senteret

MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner er ein møteplass for engasjerte og samfunns­aktive kvinner og jenter med minoritetsbakgrunn. Gjennom fellesskapet Mira-Senteret sine brukarar er med på å skape, vert ressursane og potentsiala til minoritetskvinner og -jenter fremja og synleggjort. Les meir

Temadagen er gratis, men på grunn av lunsjbestilling ber vi om påmelding. Dersom du ikkje kan komme, gje beskjed i god tid på rvts@helse-bergen.no. Dersom du ikkje gjev beskjed, vil du bli belasta med 250,-. Påmeldingsfrist: 19. september.

Last ned invitasjon i PDF, for utprint på jobben:

 

Detaljer

Dato:
25/09/2013
Tid
10:00 - 15:00
Kategori for Arrangement:

Arrangør

RVTS Vest

Sted

RVTS Vest kurslokaler (1. etg)
Ulriksdal 2
Bergen, 5009 Norge
+ Google-kart