Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Kjønnslemlesting av jentebarn

13/09/2013 @ 11:00 - 14:30

Målsettinga med kurset er å få djupare forståing av problemstillinga og å styrke kulturkompetanse og korleis best kommunisere dette til råka grupper.

ChikuAliChiku Ali har arbeidd i forhold til kvinneleg omskjæring i mange år både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og har utvikla ein tilnærmingsmodell i kursutgåve retta mot «endringsagentar» som skal bidra med førebyggande og haldningsskapande arbeid. Temadagen passar for alle frå helsepersonell, barnevern, skule og barnehage og andre i hjelpeapparatet, samt ressurspersonar og personar frå råka grupper. Helsesøster knytta til mottak og flyktninghelsesøster for busette er også ei viktig målgruppe.

Chiku vil ta opp følgjande:

Er omskjæring av jentebarn fortsatt aktuelt? Kva er det? Kvar skjer det? Kva konsekvensar? Kva muligheiter fins for å få hjelp med eventuelle helseplager? Kvifor oppretthalde tradisjonen? Korleis vert det oppfatta i Noreg/ heimlandet? Korleis kommunisere med råka personar og førebygge at det skjer? Korleis møte hjelpeapparatet og foreldre og barn som er utsett eller i risikosona?

Påmelding stengt

 

Detaljer

Dato:
13/09/2013
Tid
11:00 - 14:30
Kategori for Arrangement:

Arrangør

RVTS Vest